4. Mosebok 21

21
Kongen i Arad tek på Israels-borni og fangar nokre av dei; Israel bed til Gud og vinn yver han, 1-3. Dei mukkar att, og Herren sender eiterormar, som høgg dei; etter Herrens fyresegn gjer Moses ein kopparorm; dei som ser burt på den, vert gode att, 4-9. Israels-borni held fram på ferdi, 10-20. Dei vinn yver tvo kongar, Sihon og Og, 21-35.
1Då den kana'anitiske kongen i Arad, som budde i sudlandet, høyrde at Israel kom farande etter Atarimvegen, tok han på dei og fanga nokre av dei og drog av med dei.#4 Mos 33,40 2Då gjorde Israel ein lovnad til Herren og sa: Gjev du dette folket i mi hand, so skal eg bannstøyta byane deira.#3 Mos 27,28-29 3Og Herren høyrde bøni og gav kana'anitane i Israels hender, og Israel bannstøytte dei og byane deira; sidan kalla dei den staden Horma.#Dom 1,17#21,3 Horma bann. 4Frå Horfjellet tok dei leidi burt imot Raudehavet og vilde fara ikring Edomlandet. Men på vegen vart folket utoluge;#4 Mos 20,21 5dei lasta Gud og Moses og sa: Kvi hev de ført oss upp frå Egyptarland? No lyt me døy her i øydemarki; for her finst det korkje brød eller vatn, og me er hjarteleide av denne veike maten.#2 Mos 16,3; 4 Mos 14,2-10 6Då sende Herren seraformar, som for imillom folket og hogg dei, so mange av dei døydde.#1 Kor 10,9#21,6 seraformar brennande ormar, d. e. eiterormar. 7So kom dei til Moses og sa: Me synda då me lasta Herren og deg. Bed Herren at han vil fria oss frå ormane! Då bad Moses for folket. 8Og Herren sa til Moses: Gjer deg ein seraform og set han upp på ei stong, so skal kvar ein som er ormhoggen og ser burt på han, få leva. 9So gjorde Moses ein koparorm og sette han på ei stong, og kvar gong ormane hadde hogge nokon og han såg burt på koparormen, fekk han leva.#2 Kong 18,4; Joh 3,14 10Sidan tok Israels-borni i vegen att og lægra seg i Obot.#4 Mos 33,43-49 11So tok dei ut frå Obot og lægra seg ved Ije-Ha'abarim i øydemarki austanfor Moab. 12So for dei derifrå og slo læger i Sereddalen.#5 Mos 2,13 13So for dei lenger og slo læger på hi sida av Arnonelvi, der som ho kjem utfor Amoritarlandet og renn igjenom øydemarki. Arnon er landskilet åt Moab og byter millom Moab og amoritane.#Dom 11,18 14Difor stend det i boki um Herrens herferder: Vaheb tok dei med storm, og bekkene, Arnonbekkene, 15og bekkelidi som tøygjer seg burtåt Arbygdi og hallar seg uppåt Moabgrensa. 16So for dei til Be'er; det er den brunnen som Herren tala um då han sa til Moses: Kalla i hop folket, so skal eg gjeva dei vatn! 17Då song Israel denne songen: Vell upp, du brunn! Helsa han med song! 18Du brunn som hovdingar hev grave, som dei gjevast av folket hev bora med styrarstav, med kongsstavane sine! Frå øydemarki for dei so til Matana, 19og frå Matana til Nahaliel, og frå Nahaliel til Bamot, 20og frå Bamot til den dalen som ligg i Moabmarki, tett med toppen på Pisgafjellet, og der ein ser utyver øydemarki.#5 Mos 34,1 21Israel sende bod til Sihon, kongen yver amoritane, og sa:#5 Mos 2,26-30; Dom 11,19-28 22Lat meg få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje koma inn på åkrane eller i vingardane og ikkje drikka av brunnane; me skal halda oss etter kongsvegen, til me er komne igjenom landet ditt.#4 Mos 20,17-21 23Men Sihon vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara gjenom landet; han samla alt herfolket sitt og for ut i øydemarki mot Israel. Då han kom til Jahas, møtte han dei og rauk på dei.#5 Mos 2,32-37 24Men Israel hogg han ned med kvasse sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, til Ammonriket; for landskilet åt Ammons-borni var tettsett med borger.#5 Mos 29,7-9; Sal 135,11-12; Am 2,9 25Og Israel la under seg alle desse byane og busette seg i alle amoritarbyane, i Hesbon og alle dei byane som høyrde til. 26For Hesbon var hovudstaden åt Sihon, amoritarkongen; han hadde havt ufred med den fyre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon. 27Difor segjer skalden: Kom hit, kom hit til Hesbon, bygg upp att Sihons borg! 28For eld for ut frå Hesbon, ein loge frå Sihons stad; han øydde Ar i Moab, dei som budde på Arnonhøgdene. 29Usæl du, Moab! Det er ute med deg, Kamos-folk! Han hev sendt sønene sine som rømingar og døtterne sine i fangeferd til Sihon, amoritarkongen.#1 Kong 11,7; Jer 48,45-46#21,29 Han Kamos gjævaste guden åt moabitane. 30Me skaut dei ned; Hesbon er lagd øyde, alt til Dibon. Me herja til Nofah, med eld alt burt åt Medba. 31So vart Israel buande i Amoritarlandet. 32Moses sende njosnarar til Jaser, og dei la under seg alle byane der ikring; og han dreiv ut amoritane som budde der.#21,32 dei israelitane. 33So tok dei på ei onnor leid og for uppetter til Basan; og Og, kongen i Basan; for i mot dei til Edre'i med alt herfolket sitt og baud ufred.#5 Mos 3,1-11; 29,7-9 34Då sa Herren til Moses: Du treng ikkje vera redd han! Eg hev gjeve han i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med han som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritane, som budde i Hesbon.#Sal 136,19-20 35So hogg dei han ned, både han og sønene og alt folket hans, so ingen vart att eller slapp undan, og sidan eigna dei til seg landet.

ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖

4. Mosebok 21: Bibel1938

គំនូស​ចំណាំ

ចែក​រំលែក

ចម្លង

None

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល