4. Mosebok 20
20
Israels-borni kjem til Sin-øydemarki; der døyr Mirjam. Folket mukkar av di dei ikkje hev vatn, 1-6. Herren segjer til Moses at han skal tala til berget, so skal det gjeva vatn utor seg; men han tvilar og sler tvo gonger på berget med staven sin, 7-11. Herren forkynner at Moses og Aron ikkje fær koma inn i landet, av di dei hev vore vantruande, 12.13. Israels-borni bed edomitane um lov til å fara gjenom landet deira, men fær nei, 14-21. Aron døyr på Hor-fjellet, 22-29.
1I den fyrste månaden kom Israels-borni, heile lyden, til Sinøydemarki, og dei gav seg til i Kades. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.#4 Mos 33,38#20,1 månaden av det fyrtiande året; 33,38. 2Men der var ikkje vatn åt folket, og dei flokka seg i hop mot Moses og Aron.#2 Mos 17,1-7; 14,11-15; 16,3 3Og folket tretta med Moses og sa: Gjev me og hadde roke med då brørne våre let livet for Herrens åsyn! 4Kvi hev de havt Herrens folk ut i denne øydemarki, so me lyt døy her, både me og feet vårt? 5Kvi lokka de oss burt frå Egyptarland og førde oss hit til denne fæle staden, der det ikkje veks anten korn eller fikor eller vintre eller granateple og ikkje finst drikkevatn? 6Moses og Aron hadde seg undan flokken og gjekk burt til møtetjelddøri og kasta seg å gruve. Då synte Herrens herlegdom seg for dei.#4 Mos 12,5 7Og Herren tala til Moses og sa: 8Du skal taka staven, og du og Aron, bror din, skal kalla lyden i hop og tala til berget for augo deira, so skal det gjeva vatn utor seg; soleis skal du lata det koma vatn utor berget for dei og gjeva dei og feet deira drikka.#1 Kor 10,4 9Moses gjorde som Herren sa: han tok staven som låg framfor Herrens åsyn, 10og han og Aron kalla lyden i hop framfor berget; so sa han til dei: Høyr no, stridnakkar! Trur de at me kann lata det koma vatn åt dykk ut or dette berget?#Sal 106,33 11So lyfte Moses handi og slo på berget med staven sin tvo gonger; då strøymde det ut mykje vatn, so både lyden og feet deira fekk drikka.#2 Mos 17,6-7; Jes 48,21; Sal 78,15-40; 105,41 12Men Herren sa til Moses og Aron: Sidan de ikkje trudde på meg og ikkje helga meg for augo åt Israels-borni, so skal de ikkje få føra denne lyden inn i det landet eg hev gjeve dei.#4 Mos 27,13-14; 5 Mos 1,37; 3,26; 4,21; 32,49-52; 34,4; Sal 106,32 13Det var denne kjelda som vart kalla Meribavatnet; der var det Israels-borni tretta med Herren, og han helga seg på dei.#2 Mos 17,7 14Frå Kades sende Moses dette bodet til kongen i Edom: So segjer Israel, bror din: Du veit kor mykje vondt me hev lide.#Dom 11,17; 1 Mos 25,25-26 15Federne våre for ned til Egyptarland, og der budde me mange, mange år, og egyptarane var harde med oss og federne våre.#2 Mos 1,13-14 16Då ropa me til Herren, og han høyrde bønene våre og sende oss ein engel som førde oss ut or Egyptarland, og sjå, no er me i Kadesbygdi, innmed landskilet ditt.#2 Mos 14,19; 23,20.23 17Kjære deg, lat oss få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje ganga igjenom åkrane eller vinhagane og ikkje drikka vatn or brunnane; me skal fara etter kongsvegen og ikkje taka av korkje til høgre eller vinstre, fyrr me er komne igjenom landet ditt. 18Men Edom svara: Du må ikkje fara fram her; gjer du det so møter eg deg med sverd i hand. 19Då sa Israels-borni til han: Me skal fylgja storvegen, og dersom me drikk av vatnet ditt, me eller buskapen vår, so skal eg gjeva deg like for det. Det er ikkje stort eg bed um; eg vil berre få ganga etter vegen. 20Edom svara: Nei, du slepp ikkje fram her; og gjekk imot dei med mykje folk og med våpen i hand. 21Edom vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara igjenom landet sitt, og Israel gjekk undan for han og tok ei onnor leid.#Dom 11,18 22So tok dei ut ifrå Kades, og Israels-borni, heile lyden, kom til Horfjellet.#4 Mos 33,37 23Og der, ved Horfjellet, i landskilet åt Edom, sa Herren til Moses og Aron: 24No skal Aron fara til federne sine. De var ulydige mot meg ved Meribavatnet; difor skal han ikkje koma inn i det landet eg hev gjeve Israels-borni.#4 Mos 20,12-13 25Hav Aron og Eleasar, son hans, med deg upp på Horfjellet; 26og tak av Aron presteklædi og hav dei på Eleasar, son hans! So skal Aron fara til federne sine og døy der.#2 Mos 28,2-4; 29,5-9 27Moses gjorde som Herren hadde sagt, og dei steig upp på Horfjellet for augo åt heile lyden, 28og Moses tok av Aron presteklædi og hadde dei på Eleasar, son hans. So døydde Aron der uppå høgste fjellet, og då Moses og Eleasar kom ned av fjellet,#4 Mos 33,38; 5 Mos 10,6 29og folket såg at Aron var burte, då syrgde alle Israels-ættene yver han i tretti dagar.#5 Mos 34,8
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 20: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2