4. Mosebok 11
11
Folket mukkar mot Herren, og han sender straff mot dei; men Moses bed for dei, og straffi held upp, 1-3. Dei fer hug på kjøt og vert leide av manna, 4-9. Moses klagar til Herren, 10-15. Herren segjer at Moses skal kalla til seg 70 av dei gjævaste mennene og samla folket, so vil han gjeva dei kjøt; Moses er veik i trui, men lyder Herren, 16-24. Herren renner ut sin ande yver dei 70 gjæve mennene, og dei talar profetord, 25-29. Herren gjev folket enghønor og straffar det: dei fer lenger, 30-35.
1Det var ein gong folket klaga seg, og Herren mislika det; for då Herren høyrde det, vart han harm, og elden hans slo ned millom dei og herja i den eine enden av lægret.#3 Mos 10,2; 2 Kong 1,10 2Då ropa folket på Moses, og Moses bad til Herren; so slokna elden av.#Am 7,5 3Sidan kalla han den staden Tabera av di Herrens eld slo ned millom dei.#11,3 Tabera brune, lauseld. 4Men den ihoprekne mugen som var med dei, fyste etter annan kost; då for Israels-borni og til å jamra seg att og sa: Å, gjev me hadde kjøt å eta!#2 Mos 12,38; 16,3; Sal 106,14; 1 Kor 10,6 5Me kjem i hug fisken som me fekk kostelaust i Egyptarland, og graskari og melonane og purren og raudlauken og kvitlauken; 6men no turkar me reint upp, for her finst ingen ting; me ser ikkje anna for augo enn manna. 7Manna var likt korianderfrø og såg ut som bdellium.#2 Mos 16,31; 1 Mos 2,12 8Folket for utyver og sanka det og mol det på handkvern eller støytte det sund i mortel. Sidan koka dei det i gryta eller laga kakor av det; då smaka det som oljekaka. 9Når doggi fall ned yver lægri um natti, fylgde det manna med.#2 Mos 16,13-14 10Då Moses høyrde gråt frå kvart einaste hus og såg at Herren var fælande harm, tykte han det var ilt 11og sa til Herren: Kvi hev du fare so hardt med tenaren din, og kvi hev du ingen godhug for meg, sidan du hev lagt på meg slik ei byrd som å syta for heile dette folket? 12Hev då eg gjeve dei livet eller sett dei inn i verdi, sidan du segjer at eg skal halda dei på armen, som barnfostren held sugebarnet, og bera dei fram til det landet du hev lova federne deira?#5 Mos 1,31 13Kvar skal eg taka kjøt frå til heile dette folket? For dei heng yver meg med gråt og segjer: Gjev oss kjøt so me får eta!#Matt 15,33 14Ikkje kann eg åleine syta for heile dette folket; det er meir enn eg orkar. 15Vil du fara so med meg, so drep meg heller med ein gong, so sant du hev godhug for meg, og lat meg sleppa sjå mi eigi ulukka. 16Då sa Herren til Moses: Kalla meg i hop sytti av dei gjævaste menner i Israel, dei som du veit er dei gjævaste millom folket og tilsynsmenner for dei! Tak dei so med deg til møtetjeldet og lat dei standa der hjå deg, 17so vil eg koma ned og tala med deg der, og eg vil lata dei og få av den åndi som er yver deg, so dei kann hjelpa deg og bera all den tyngsla du hev av folket, og du ikkje tarv bera henne åleine. 18Og til folket skal du segja: Helga dykk til i morgon, so skal de få kjøt å eta, etter di de jamra dykk for Herren og sa: Å gjev me hadde kjøt å eta! For i Egyptarland hadde me det godt. No vil Herren gjeva dykk kjøt som de skal eta av,#2 Mos 19,10 19og det ikkje ein dag, eller tvo eller fem eller ti eller tjuge dagar, 20men ein heil månad, til de ikkje toler lukti av det lenger, og det byd dykk imot, for di de mismætte Herren som er midt imillom dykk, og jamra dykk for hans åsyn og sa: Kvi for me då frå Egyptarland?#4 Mos 21,5 21Moses svara: Seks hundrad tusund mann til fots er det folket som eg fylgjest med, og du segjer at du vil gjeva dei kjøt so dei hev mat for ein heil månad! 22Skal me slakta so mange sauer og naut at det rekk til for dei, eller skal all fisken i havet sankast i hop åt dei, so dei fær nok? 23Då sa Herren til Moses: Er Herrens arm for stutt? No skal du få sjå um det gjeng deg som eg hev sagt, eller ikkje.#Jes 50,2; 59,1 24So gjekk Moses ut og kunngjorde Herrens ord for folket, og han kalla saman sytti av dei gjævaste mennene i lyden og bad dei standa rundt ikring møtetjeldet. 25Då kom Herren ned i skyi og tala til Moses og læt dei sytti gjæve mennene få av den åndi som var yver han. Då hende det at med same åndi let seg ned yver dei, tala dei profetord, men sidan gjorde dei det ikkje meir.#4 Mos 12,5; 14,10; 1 Sam 10,5-6; Joel 3,1; Apg 2,11.17 26Det var tvo menner som hadde vorte att i lægret; den eine heitte Eldad og den andre Medad. På dei let åndi seg og ned; for dei høyrde til dei som var uppskrivne, men dei hadde ikkje gjenge ut til tjeldet, og no tala dei profetord i lægret. 27Og ein svein sprang til Moses med bod og sa: Eldad og Medad talar profetord i lægret.#Mark 9,38-41 28Då tok Josva Nunsson frami, han som hadde vore fylgjesveinen åt Moses alt ifrå ungdomen, og sa: Herre Moses, forbyd dei dette!#2 Mos 24,13 29Moses sa til han: Er du åbru for mi skuld? Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren vilde leggja sin Ande på dei! 30Då Moses vel var komen attende til lægret saman med Israels hovdingar, 31so sende Herren ein storm som sende enghønor inn ifrå havet og støytte dei ned yver lægret og markene rundt ikring, so vidt som ei dagsleid i firkant og um lag tvo alner yver marki.#2 Mos 16,13 32Då stod folket upp og gjekk heile dagen og heile natti og heile den andre dagen og samla enghønone inn; ingen sanka mindre enn ti homer, og dei breidde dei utyver rundt ikring lægret. 33Medan dei endå hadde kjøtet millom tennene, fyrr det var uppete, loga Herrens vreide upp imot folket, og han sende ein øgjeleg manndaude yver dei.#Sal 78,30-31 34Difor kalla dei den staden Kibrot-Hatta'ava; for der vart dei jorda dei som hadde vore so fysne.#11,34 Kibrot-Hatta'ava fysnegravene. 35Frå Kibrot-Hatta'ava for folket til Haserot, og der vart dei verande ei tid.#4 Mos 33,16-17
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 11: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2