4. Mosebok 12
12
Mirjam og Aron mukkar mot Moses, 1-3. Herren talar dei til for det; Mirjam vert spillsjuk, 4-10. Aron bed for henne, og Moses gjeng i bøn til Herren; Herren gjer henne god att, 11-15. Folket kjem til Paran, 16.
1Ein gong tala Mirjam og Aron ille um Moses for den etiopkvinna skuld som han hadde teke til kona - for han hadde gift seg med ei etiopisk kvinna - 2og dei sa: Er det berre Moses Herren hev tala med? Hev han ikkje tala med oss og? Og Herren høyrde det.#2 Mos 15,20; Mi 6,4 3No var Moses ein mild og tolug mann, mildare enn alle menneske på jordi. 4Men Herren sa brått til Moses og til Aron og til Mirjam: Gakk ut til møtetjeldet alle tri! So gjekk dei dit alle tri. 5Og Herren kom ned i ein skystopul og stod i tjelddøri og ropa på Aron og Mirjam. Då gjekk dei ut båe tvo.#4 Mos 11,25 6Og han sa: Lyd no etter ordi mine: Er det ein profet som de, so ter eg, Herren, meg for han i syner og talar med han i draumar. 7Men so er det ikkje med Moses, tenaren min; han er tru i heile mitt hus.#Hebr 3,2 8Munn til munn talar eg med han, klårt og ikkje i gåtor, og han fær sjå Herrens skapnad. Korleis kunde de då våga å tala ille um Moses, tenaren min?#2 Mos 33,11; 5 Mos 34,10 9Og Herrens vreide loga upp imot dei, og han for burt. 10Då skyi kvarv burt frå tjeldet, då var Mirjam spillsjuk og kvit som snø; med same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var spillsjuk.#5 Mos 24,9 11Då sa han til Moses: Gode herre bror! Lat oss ikkje lida for ei synd me hev gjort i vår dårskap! 12Lat henne ikkje vera som eit daudt foster, som er halvrote når det kjem ut or morslivet! 13Då ropa Moses til Herren og sa: Å Gud, gjer henne god att! 14Og Herren sa til Moses: Hadde far hennar sputta henne i andletet, laut ho då ikkje sitja med skam i sju dagar? No skal de stengja henne inne utanfor lægret i sju dagar, so kann dei taka henne inn att.#3 Mos 13,46 15So heldt dei Mirjam innestengd utanfor lægret i sju dagar, og folket tok ikkje av stad fyrr dei hadde teke henne inn att. 16Sidan tok folket ut frå Haserot og slo læger i Paranøydemarki.#4 Mos 10,12
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 12: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2