3. Mosebok 19

19
Herren gjev Israels-borni ymse bod: dei skal vera heilage, hava age for foreldri sine, halda seg frå avgudsdyrking, 1-4; dei skal fara rett åt med takkofferi, 5-8, koma i hug dei fatige når dei haustar inn kornet, 9-10, ikkje stela eller fara med svik og urett, ikkje baktala og hata og hemna seg, men elska næsten sin som seg sjølv, 11-18; dei må ikkje blanda i hop ting av ulike slag, 19, ikkje søkja seng med trælkvinna åt ein annan mann, 20-22, ikkje eta av frukti på trei fyrr i det femte året, 23-25; dei må ikkje eta blod, og dei må halda seg ifrå spådomskunster og trolldom og andre heidne skikkar, 26-31; dei skal æra dei gamle, 32, og elska dei framande og gjera rett i all si ferd, 33-37.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2Tala til heile Israels-lyden og seg til dei: Dei skal vera heilage; for eg, Herren dykkar Gud, er heilag.#3 Mos 11,44-45 3Kvar og ein av dykk skal hava age for mor og far og halda sabbatane mine; eg er Herren dykkar Gud.#2 Mos 20,8-9.12; 31,13 4De skal ikkje venda dykk til avgudane og ikkje gjera dykk støypte gudar; eg er Herren dykkar Gud.#2 Mos 20,3-5.23 5Når de vil ofra eit takkoffer til Herren, skal de gjera det soleis at han kann hava hugnad i dykk.#3 Mos 7,11-21 6De skal eta kjøtet same dagen som de ofrar, eller og dagen etter; men det som er att tridje dagen, skal brennast upp i elden. 7Den tridje dagen skal det haldast for ein styggedom; et nokon av det då, so hev Herren ingen hugnad i offeret, 8og den som et av det, gjer ei synd som han lyt lida for; han hev vanhelga det som var helga til Herren, og han skal rydjast ut or folket sitt. 9Når de haustar inn grøda i landet dykkar, so skal du ikkje skjera kornet heilt utåt åkerreini, og det som vert liggjande att etter skurden, skal du ikkje plukka upp.#3 Mos 23,22; 5 Mos 24,19-22; Rut 2,2-9 10Heller ikkje skal du sanka dei bæri som er att på trei etter du hev hausta vinhagen din, eller henta upp dei som er neddotne. Dei skal du lata vera att til dei fatige og framande; eg er Herren dykkar Gud. 11De skal ikkje stela, og de skal ikkje ljuga, og de skal ikkje svika kvarandre.#2 Mos 20,15-16; Ef 4,25.28; Kol 3,9; 1 Tess 4,6 12De skal ikkje sverja på lygn ved namnet mitt; for då vanhelgar du namnet åt din Gud; eg er Herren.#2 Mos 20,7 13Du skal ikkje taka noko ifrå næsten din med urett og ikkje rana noko ifrå han. Det ein dagarbeidar skal hava i løn, må ikkje verta liggjande hjå deg natti yver.#5 Mos 24,14-15; Jer 22,13; Jak 5,4 14Du skal ikkje banna den som dauv er, og ikkje leggja mein i vegen for den som er blind. Du skal hava age for din Gud; eg er Herren.#5 Mos 27,18 15De skal ikkje gjera urett mot nokon på tinget; ikkje skal du halda med ein mann for di han er ring, og ikkje skal du gjeva han rett for di han er mektig; rettferdigt skal du døma næsten din.#2 Mos 23,3; 5 Mos 1,17; 16,19; Ordt 24,23-25 16Du skal ikkje ganga ikring og baktala folk. Du skal ikkje stå næsten din etter livet; eg er Herren.#Sal 15,3; 50,20; Jer 9,8; Esek 22,9 17Du skal ikkje bera hat til bror din i hjarta; men du må vel tala næsten din til rettes, so du ikkje skal bera synd for hans skuld.#1 Joh 2,11; 3,15; Matt 18,15; Luk 17,3 18Du skal ikkje hemna deg og ikkje bera agg til nokon av landsfolket ditt, men du skal elska næsten din som deg sjølv; eg er Herren.#Matt 5,43-48; 22,39; Rom 12,19; 13,9; Gal 5,14 19De skal halda lovene mine: Du skal ikkje lata tvo dyr av ulikt slag i buskapen para seg. Du skal ikkje så åkeren din med tvo ulike kornslag. Du skal ikkje ganga med klæde som er vovne av tvo ulike garnslag.#5 Mos 22,9.11 20Når ein mann ligg hjå ei kvinna og skjemmer henne, og ho er trælkvinna og trulova med ein annan mann, men ikkje er utløyst eller frigjevi, so skal ein fylgja dei med retten, men dei skal ikkje straffast på livet, etter di ho ikkje var fri kvinna. 21Han skal til bot for brotet sitt koma til møtetjelddøri med ein ver, som skal vera skuldoffer åt Herren, 22og når presten hev gjort soning for han for Herrens åsyn med skuldofferveren, skal han få tilgjeving for den syndi han hev gjort. 23Når de kjem inn i landet og plantar allslags frukttre, so skal de halda den fyrste frukti dei ber, for urein; tri år skal trei vera ureine for dykk, og de må ikkje eta frukti deira. 24Det fjorde året skal all frukti vigjast åt Herren med ei gledehøgtid, 25og fyrst i det femte året må de eta frukti deira - so dei kann bera so mykje meir åt dykk sidan; eg er Herren dykkar Gud. 26De må ikkje eta noko med blodet i. De skal ikkje fara med å tyda varsel eller spå av skyene.#3 Mos 3,17; 5 Mos 18,10-14; 2 Kong 21,6-7 27De skal ikkje rundklyppa håret dykkar og ikkje stytta skjegget. 28De skal ikkje skjera dykk i holdet av sorg yver ein som er avliden, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk; eg er Herren.#5 Mos 14,1 29Du skal ikkje vanhelga dotter di og lata henne verta skjøkja, so folket vert usedugt og landet fullt av ulivnad. 30De skal halda sabbatane mine og hava age for heilagdomen min; eg er Herren.#3 Mos 19,3 31Vend dykk ikkje til dei som manar fram daudingar og spåvette, so de gjer dykk ureine med dei; eg er Herren dykkar Gud.#3 Mos 20,6.27; 1 Sam 28,7-14; Jes 8,19 32For dei grå håri skal du reisa deg og æra den som gamal er; du skal hava age for din Gud; eg er Herren.#1 Tim 5,1-2 33Når ein framand bur hjå dykk i landet dykkar, skal de ikkje vera harde med han;#2 Mos 22,21; 23,9 34han skal vera for dykk som ein av landsmennene dykkar, og du skal elska han som deg sjølv; for de hev sjølve vore framande i Egyptarlandet; eg er Herren din Gud. 35De skal ingen urett gjera på tinget, og ikkje med vekt eller mål, anten det er aln eller kanna. 36Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal de bruka. Eg er Herren dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet.#5 Mos 25,13-16; Ordt 11,1; 16,11; 20,10; Mi 6,10-11 37Akta vel på alle lovene og bodi mine og lev etter dei; eg er Herren.#3 Mos 18,30

ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖

3. Mosebok 19: Bibel1938

គំនូស​ចំណាំ

ចែក​រំលែក

ចម្លង

None

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល