3. Mosebok 18
18
Gud segjer til Israel at dei ikkje må ferdast på heidningvis, men lyda hans bod, 1-5; dei må ikkje søkja seng med nærskylde kvinnor, 6-17, ikkje gifta seg med tvo syster, ikkje søkja seng med ei urein kvinna eller med kona åt ein annan mann, ikkje ofra til Molok og ikkje driva unaturleg utukt, 18-23; dei må halda seg frå all sovori skjemdarferd, 24-30.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2Tala til Israels-borni og seg til dei: Eg er Herren dykkar Gud. 3De skal ikkje fara åt som dei gjer i Egyptarlandet, der de fyrr budde, eller i Kana'anslandet, som eg fører dykk til, og ikkje fylgja skikkane deira. 4Mine bod skal de lyda, og mine lover skal de halda dykk etter og fylgja; eg er Herren dykkar Gud. 5De skal halda lovene og bodi mine; for det mennesket som held dei, skal leva ved dei; eg er Herren.#Neh 9,29; Esek 20,11; Rom 10,5 6Ingen av dykk må koma innåt nokor nærskyld kvinna og søkja seng med henne; eg er Herren. 7Du skal ikkje skjemma lega åt far din og mor di. Ho er mor di; du skal ikkje søkja seng med henne.#1 Mos 19,33; Esek 22,10 8Du skal ikkje søkja seng med stykmor di; ho er kona åt far din.#3 Mos 20,11; 1 Mos 35,22; 5 Mos 22,30; 27,20; 2 Sam 16,22; 1 Kor 5,1 9Du skal ikkje søkja seng med syster di; som hev same far eller same mor som du; anten ho er fødd i eller utanfor huset, so skal du ikkje søkja seng med henne.#3 Mos 20,17; 2 Sam 13,14; Esek 22,11 10Du skal ikkje søkja seng med sonedotter eller dotterdotter di; for det er ditt eige avkjøme. 11Du skal ikkje søkja seng med dotter åt stykmor di; ho er dotter åt far din, og ho er syster di. 12Du skal ikkje søkja seng med farsyster di; det er same blodet som far din. 13Du skal ikkje søkja seng med morsyster di; det er same blodet som mor di. 14Du skal ikkje skjemma lega åt farbror din og koma kona hans for nær; for ho er farsyster di.#3 Mos 20,20 15Du skal ikkje søkja seng med verdotter di. Ho er kona åt son din; du skal ikkje søkja seng med henne.#1 Mos 38,18; Esek 22,11 16Du skal ikkje søkja seng med brorkona di - ikkje skjemma lega åt bror din.#3 Mos 20,21; Mark 6,18 17Hev du havt samlega med ei kvinna, so skal du ikkje søkja seng med dotter hennar; heller ikkje skal du ganga i seng med sonedotter eller dotterdotter hennar. Det er skjemdarferd; for dei er same folket.#3 Mos 20,14 18Du skal ikkje gifta deg med versyster di og søkja seng med henne medan kona di lever; for då set du hat millom dei. 19Du skal ikkje koma innåt nokor kvinna og søkja seng med henne medan ho hev månadssjuken sin og er urein.#3 Mos 20,18 20Du skal ikkje liggja hjå kona åt næsten din og på den måten gjera deg urein.#3 Mos 20,10; 2 Sam 11,4; 12,9 21Du skal ikkje gjeva noko av borni dine frå deg til eldoffer åt Molok; du skal ikkje vanhelga namnet åt din Gud; eg er Herren.#3 Mos 20,2; 5 Mos 18,10; 2 Kong 23,10; Jer 7,31; 32,35#18,21 Molok avguden åt ammonitane; til æra for han brende dei småborn. 22Du skal ikkje liggja hjå ein kar som ein ligg hjå ei kvinna; det er ein styggedom.#3 Mos 20,13; Rom 1,27; 1 Kor 6,9 23Med dyr må du aldri blanda deg; for då vert du urein. Og heller ikkje må ei kvinna gjeva seg i lag med dyr og para seg med dei; det er skjemdarferd.#3 Mos 20,15-16; 2 Mos 22,19; 5 Mos 27,21 24Gjer dykk ikkje ureine med sovori åtferd! For slikt var det dei gjorde seg ureine med dei heidningane som eg driv ut for augo dykkar; 25då vart landet ureint, og eg heimsøkjer det for broti deira, so landet spyr ut dei som bur der. 26Men de skal halda lovene og bodi mine og ikkje gjera noko av desse skjemdarverki, korkje den som er fødd i landet, eller den framande som bur millom dykk; 27for alle desse skjemdarverki hev dei gjort dei som hev butt i landet fyre dykk, so landet vart ureint. 28Elles kjem landet til å spy dykk ut, for di de gjer det ureint, liksom det spyr ut det folket som hev vore der fyre dykk. 29For alle dei som gjer slike skjemdarverk, dei skal rydjast ut or folket sitt - kvar og ein som gjer noko sovore. 30So haldt då dei bodi eg hev gjeve dykk, og tak ikkje etter dei fæle skikkane som dei hadde, dei som var fyre dykk; for med det gjer de dykk ureine: Eg er Herren dykkar Gud.#3 Mos 19,37; 20,8.22
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
3. Mosebok 18: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: