3. Mosebok 20

20
Herren kunngjer kva straff som skal råma dei som driv med avgudsdyrking med Molok eller gjeng til daudingmanarar og spåmenner, 1-7, og dei som bannar foreldri sine eller driv noko slag utukt, 8-21; folket skal lyda bodi hans, halda seg ifrå skikkane åt heidningane og gjera skilnad på reine og ureine dyr; daudingmanarar og spåmenner skal steinast, 22-27.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2Seg til Israels-borni: Hender det at nokon av Israels-borni eller av dei framande som held til i Israel, gjev noko av borni sine frå seg til Molok, so skal han lata livet; landslyden skal steina han i hel.#3 Mos 18,21 3Og eg vil kvessa augo mot den mannen og rydja han ut or folket hans, for di han hev gjeve Molok barnet sitt og gjort heilagdomen min urein og vanhelga mitt heilage namn. 4Um landslyden let att augo og ikkje læst sjå at han gjev barnet sitt til Molok, og ikkje drep han, 5so vil eg kvessa augo mot den mannen og mot ætti hans og rydja han ut or folket hans, både han og alle dei som fylgjer i fotfaret hans og held seg med Molok. 6Vender nokon seg til dei som manar fram daudingar og spåvette, og held seg med dei, so vil eg kvessa augo mot den mannen og rydja han ut or folket hans.#3 Mos 19,31; 5 Mos 18,10-14 7De skal helga dykk og vera heilage; for eg er Herren dykkar Gud.#3 Mos 11,44-45; 19,2 8Akta vel på lovene mine og lev etter dei; eg er Heren, som helgar dykk.#3 Mos 19,37 9Den som bannar far sin eller mor si, han skal lata livet. Han hev banna far og mor; blodet hans kome på han sjølv!#2 Mos 21,17; 5 Mos 27,16; Ordt 20,20; 30,17 10Den som held seg med ei gift kona, med kona åt næsten sin, han skal lata livet, både han og den kona han hev halde seg med.#3 Mos 18,20; 2 Mos 20,14; 5 Mos 22,22; Matt 5,27; Joh 8,5 11Ligg nokon hjå kona åt far sin, so skjemmer han lega åt far sin; dei skal båe lata livet; blodet deira kome på dei sjølve!#3 Mos 18,8 12Ligg nokon hjå sonekona si, so skal dei båe lata livet. Dei hev gjort eit skjemdarverk; blodet deira kome på dei sjølve!#3 Mos 18,15 13Ligg nokon hjå ein kar som ein ligg hjå ei kvinna, so gjer dei båe ei stygg gjerning; dei skal lata livet; blodet deira kome på dei sjølve!#3 Mos 18,22 14Tek nokon både mor og dotter til kona, so er det skjemdarferd; dei skal brennast på bål, både han og dei; sovori sedløysa må ikkje finnast hjå dykk.#3 Mos 18,17 15Blandar nokon seg med eit dyr, skal han lata livet, og dyret skal de drepa.#3 Mos 18,23 16Og held ei kvinna seg innåt eit dyr og parar seg med det, so skal de slå i hel både kvinna og dyret; dei skal lata livet; blodet deira kome på dei sjølve! 17Tek nokon syster si, som hev same far og same mor som han, og søkjer seng med henne, og ho med han, so er det skjemdarferd, og dei skal rydjast ut for augo på landslyden. Han hev søkt seng med syster si, han lyt lida for brotet sitt.#3 Mos 18,9; 5 Mos 27,22 18Ligg nokon med ei kvinna medan ho hev månadssjuken sin, og nækjer blygsli hennar, so hev han teke dekket av kjelda hennar, og ho hev nækt blodkjelda si; dei skal båe rydjast ut or folket sitt.#3 Mos 18,19 19Du skal ikkje søkja seng med morsyster eller farsyster di; den som det gjer, skjemmer si eigi ætt; dei lyt lida for brotet sitt.#3 Mos 18,12-13 20Ligg nokon hjå kona åt farbror sin, so vanærar han farbror sin; dei lyt lida for syndi si og skal døy barnlause.#3 Mos 18,14 21Gifter nokon seg med brorkona si, so er det ei skam; han hev vanæra bror sin, dei skal ikkje få born.#3 Mos 18,16 22So akta då på alle lovene og alle bodi mine og lev etter dei, so landet ikkje skal spy dykk ut att, det landet som eg fører dykk til og vil lata dykk bu i!#3 Mos 19,37; 18,28 23Far ikkje etter skikkane åt det folket som eg jagar ut for dykk! Dei gjorde alt dette; då fekk eg stygg til dei, 24og eg sa til dykk: De skal få landet deira, eit land som fløymer med mjølk og honning; eg vil gjeva dykk det til eiga; eg er Herren dykkar Gud, som hev skilt dykk ut frå alle andre folk.#2 Mos 3,8; 1 Kong 8,53 25Difor skal de skilja millom reine og ureine dyr og reine og ureine fuglar og ikkje gjera dykk sjølve til eit stygge med å eta dei dyri eller fuglane eller noko av det kreket som eg hev skilt ut og sagt de skal halda for ureine.#3 Mos 11,2-43 26De skal vera meg heilage; for eg, Herren, er heilag, og eg hev skilt dykk ut frå alle andre folkeslag, so de skal høyra meg til.#3 Mos 11,44-47; 2 Mos 19,5 27Er det nokon mann eller nokor kvinna som fer med å mana fram daudingar og spåvette, so skal dei lata livet; dei skal steinast i hel; blodet deira kome på dei sjølve.#3 Mos 20,6

ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖

3. Mosebok 20: Bibel1938

គំនូស​ចំណាំ

ចែក​រំលែក

ចម្លង

None

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល