2. Mosebok 38
38
Besalel gjer brennofferaltaret, 1-7, og tvåttebalja, 8, og fyregarden med umhengi og stolpane og alt som høyrde til, 9-20. Det vert rekna upp kor mykje gull og sylv og kopar som gjekk med til arbeidet, 21-31.
1So gjorde han brennofferaltaret av akasietre, fem alner langt, fem alner breidt, firkanta, og tri alner høgt.#2 Mos 27,1-8 2På kvart av dei fire hyrno gjorde han eit horn, og horni var i eitt med altaret. Han klædde det med kopar. 3Sidan gjorde han alle gognene som høyrde til altaret: fati og eldskuflene og blodbollane og steikjespiti og glodpannone; alle desse gognene gjorde han av kopar. 4So laga han ei kopargrind til altaret på gjerd som eit net; den sette han under altarskori nedantil, so ho rakk midt uppå altaret. 5Og han støypte fire ringar og sette i dei fire hyrno på kopargrindi til å smøygja stenger inn i. 6Stengene gjorde han av akasietre og klædde dei med kopar, 7og so smøygde han dei inn i ringane på sidone av altaret, so det kunde berast etter dei. Altaret gjorde han av bord, so det var holt. 8So gjorde balja med foten under av kopar. Til det bruka han speglane åt dei kvinnone som gjorde tenesta innmed døri til møtetjeldet.#2 Mos 30,18-21#38,8 speglane koparspeglar. 9So laga han fyregarden: Til solsida, den sida som snudde mot sud, gjorde han umheng av fint tvinna lingarn, hundrad alner på lengdi,#2 Mos 27,9-19 10og til dei tjuge stolpar med tjuge koparstabbar og hakar og teinar av sylv. 11Til nordsida gjorde han og umheng, hundrad alner lange, og tjuge stolpar med kvar sin koparstabbe og hakar og teinar av sylv. 12Til vestsida gjorde han umheng på femti alner med ti stolpar, og til dei ti stabbar og sylvhakar og sylvteinar. 13Til framsida, austsida, som og var femti alner, 14gjorde han femtan alner umheng til den eine leidi, med tri stolpar og stabbane som høyrde til, 15og til den andre leidi, både til den eine og den andre sida åt fyregardsporten, femtan alner umheng og tri stolpar med kvar sin stabbe. 16Alle umhengi kring fyregarden var av fint tvinna lingarn. 17Stabbane som stolpane skulde standa på, var av kopar, men hakane og teinane var av sylv, og like eins ålaget på stolpehovudi. Dei var bundne i hop med sylvteinar, alle gardstolpane. 18Forhenget til fyregardsporten var utsauma med rosor av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn. Det var tjuge alner langt og fem alner høgt etter vevbreiddi, liksom umhenget kring fyregarden. 19Stolpane det skulde hanga på, var fire i talet, og sameleis stabbane som høyrde til; dei var av kopar. Hakane var av sylv. Ålaget på stolpehovudi og teinane var og av sylv. 20Alle pålane til tabernaklet og fyregarden, heilt rundt, var av kopar. 21No skal de høyra kor mykje det gjekk med til tabernaklet, til vitnemålstjeldet; for Moses sette Levi-sønene til å rekna det yver, og Itamar, son åt Aron, presten, stod fyre rekningi. 22Men Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti, var den som gjorde alt det som Herren hadde tala til Moses um,#2 Mos 31,2 23og i lag med han Oholiab, son åt Akisamak, av Dans-ætti, ein meister til å smida og snikra og veva åklæde med bilete og rosor av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint lingarn -:#2 Mos 31,6 24Alt gullet som vart bruka til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, heile gullmengdi som vart gjevi i offergåva, var ni og tjuge talentar og sju hundrad og tretti sekel etter heilag vekt.#2 Mos 35,22#38,24 offergåva 35,22. 25Og sylvet som kom inn då dei heldt manntal yver lyden, det var hundrad talentar og eitt tusund og sju hundrad og fem og sytti sekel etter heilag vekt: 26ein beka eller ein halv sekel etter heilag vekt for kvar mann som kom med i manntalet, frå tjugeårsalderen og uppetter, og det var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann.#2 Mos 30,12-16; 4 Mos 1,46 27Dei hundrad talenti med sylv vart bruka til å støypa stabbane til heilagdomen og forhenget, hundrad stabbar av dei hundrad talenti; det gjekk med eit talent til kvar stabbe. 28Og dei eitt tusund sju hundrad og fem og sytti sekel bruka dei til hakar på stolpane og ålag yver dei og til teinar som skulde binda dei i hop. 29Koparen som vart gjeven i offergåva, var sytti talent og tvo tusund og fire hundrad sekel. 30Av den gjorde dei stabbane til møtetjelddøri og koparaltaret med kopargrindi som høyrde til, og alle altargognene, 31og stabbane til fyregarden, heilt rundt, og stabbane til fyregardsporten, og alle pålane til tabernaklet og til fyregarden, heilt rundt.
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
2. Mosebok 38: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2