2. Mosebok 37

37
Besalel gjer kista, 1-5, og nådestolen, 6-9, og skodebrød-bordet, 10-16, og ljosestaken, 17-24, og røykofferaltaret, 25-29.
1So gjorde Besalel kista. Ho var av akasietre, halvtridje aln lang, halvonnor aln breid og halvonnor aln høg.#2 Mos 25,10-16 2Han klædde henne med skirt gull både innan og utan, og gjorde ein gullkrans på henne rundt ikring. 3Og han støypte fire gullringar, som han feste i dei fire føtene på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre. 4So gjorde han stenger av akasietre og klædde dei med gull 5og smøygde dei inn i ringane på sidone av kista til å bera henne etter. 6So gjorde han ein nådestol, av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid.#2 Mos 25,17-22 7På endane av den gjorde han tvo kjerubar; av drive gull gjorde han dei 8den eine kjeruben ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med nådestolen gjorde han kjerubane, ein på kvar ende. 9Kjerubane heldt vengene utbreidde og upplyfte, so dei tekte yver nådestolen med vengene sine, og andleti deira snudde mot kvarandre; dei vende augo mot nådestolen. 10So gjorde han bordet; det var av akasietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt.#2 Mos 25,23-30 11Han klædde det med skirt gull og gjorde ein gullkrans på det rundt ikring. 12Rundt um det gjorde han ei list so breid som ei hand, og på listi sette han og ein gullkrans som gjekk heilt ikring. 13So støypte han fire gullringar og sette i hyrno på dei fire bordføtene. 14Ringane sat tett uppmed listi, dei var til å smøygja berestenger inn i. 15Stengene gjorde han av akasietre og klædde dei med gull; dei var det bordet skulde berast etter. 16So gjorde han dei kjeraldi som skulde setjast på bordet, fati og skålene som høyrde til, og bollane og kannone som skulde skjenkjast drykkoffer av, alt av skirt gull. 17So gjorde han ljosestaken; den var av skirt gull, og drive arbeid var det, både hoven og leggen. På staken var det blomar med knuppar og utsprotne blad, og dei var samgjorde med han.#2 Mos 25,31-39 18Seks armar greina seg ut ifrå han, tri på den eine sida og tri på den andre. 19På den eine armen var det tri utsprotne mandelblomar med knupp og blad, og på den andre armen var og tri utsprotne mandelblomar med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armane som greina seg ut ifrå ljosestaken. 20På sjølve staken var det fire utsprotne mandelblomar med knupp og blad, 21ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armane, og ein under dei neste tvo armane, og ein under det tvo øvste armane - ein knupp under kvart par av dei seks armane som greina seg ut ifrå ljosestaken. 22Både blomsterknuppane og armane var samsmidde med staken; alt var eit heilgjort arbeid av drive, skirt gull. 23Sidan gjorde han lampone til ljosestaken, sju i talet, og saksene og saksplatone som høyrde til, alt av skirt gull. 24Ein talent skirt gull bruka han til ljosestaken og alle gognene som høyrde til. 25So gjorde han røykofferaltaret av akasietre, ei aln langt, ei aln breidt, firkanta, og tvo alner høgt. Horni på det var i eitt med sjølve altaret.#2 Mos 30,1-10 26Han klædde det med skirt gull både ovanpå og rundt ikring på sidone og på horni, og gjorde ein gullkrans på det heilt ikring. 27Nedanfor kransen på dei tvo sidone sette han tvo gullringar, tvo på kvar sida, til å smøygja stenger inn i, som altaret skulde berast etter. 28Stengene og gjorde han av akasietre og klædde dei med gull. 29So laga han den heilage salvingsoljen og den reine, angande røykjelsen, på same måten som salveblandarane gjer det.#2 Mos 30,23-28.34-38

ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖

2. Mosebok 37: Bibel1938

គំនូស​ចំណាំ

ចែក​រំលែក

ចម្លង

None

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល