1. Mosebok 2

2
1Så var himmelen og jorda fullførte, med heile sin hær. 2#2 Mos 20,11; 31,17; Hebr 4,4#2,2 den sjuande dagen =festar og høgtider, sabbaten. Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort. 3Gud velsigna den sjuande dagen og helga han. For den dagen kvilte han frå heile sitt arbeid, det som Gud hadde gjort då han skapte.
Mennesket i Edens hage
4 # 2,4 forteljinga Det hebr. ordet er elles omsett med «slektshistoria». Jf. 5,1; 6,9; 10,1. Herren Guds heilage namn vart på hebr. skrive med konsonantane JHWH. Ved opplesing uttala ein ikkje namnet, men erstatta det med orda for «Herren» eller «Gud». =Guds namn. Dette er forteljinga om himmelen og jorda då dei var skapte, på den tid Herren Gud hadde laga jorda og himmelen. 5Det fanst ikkje ein busk på jorda, og endå hadde inga plante spirt fram på marka. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det fanst ingen menneske til å dyrka henne. 6#2,6 kjelde Ordet blir i nokre omsetjingar attgjeve med «damp» eller «skodde». Men ei kjelde kom opp av jorda og vatna heile jordoverflata. 7#1,27; 1 Kor 15,45ff#2,7 mennesket, jorda På hebr. heiter «menneske» adam og «jord» adamah. skapning kan òg omsetjast «sjel». Ordet står her for mennesket som heilskap. Same uttrykket er nytta om dyr og fiskar i 1,20.21.24.30. Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.
8 # 2,8 i gammal tid kan òg omsetjast «i aust». Eden Namnet liknar eit hebr. ord for «glede». I =Septuaginta blir hagen kalla paradeisos, derav vårt «paradis». Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma. 9#Ordt 3,18; Op 2,7; 22,2 Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp av jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt.
10Ei elv går ut frå Eden og vatnar hagen. Derifrå deler ho seg i fire greiner. 11#2,11 Havila i Arabia. Jf. 25,18; 1 Sam 15,7. 2,11–14 Pisjon, Gihon, Hiddekel paradis-elvar; det er usikkert kva for elvar dei to førstnemnde er, den sistnemnde er Tigris. Den første heiter Pisjon. Det er den som går rundt heile landet Havila, der det finst gull. 12#2,12 bedolah-kvae eit slag velluktande harpiks. Gullet i det landet er godt. Det finst bedolah-kvae og onyks-stein der. 13#2,13 Kusj afrikansk land og folk sør for Egypt, langs Nilen. Jf. 10,6–8; Est 1,1; Jes 18; Jer 13,23. Den andre elva heiter Gihon. Det er den som går rundt heile landet Kusj. 14Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som går austafor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.
15Så tok Herren Gud mennesket og sette det i Edens hage til å dyrka og passa han. 16Og Herren Gud gav mennesket dette bodet: «Du må gjerne eta av alle trea i hagen. 17#Rom 6,23 Men av treet til kunnskap om godt og vondt må du ikkje eta. For den dagen du et av det, skal du døy.»
18 # Fork 4,8f Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.» 19Og Herren Gud forma alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen av jord, og han førte dei til mennesket for å sjå kva det ville kalla dei. Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det fekk han til namn. 20Mennesket gav namn til alt feet, til fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men til seg sjølv fann mennesket ingen hjelpar av same slag.
21Då lét Herren Gud ein djup søvn koma over mannen. Medan han sov, tok han eit sidebein og fylte att med kjøt. 22#1 Kor 11,8; 1 Tim 2,13 Av sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen.
23 # 2,23 Den hebr. teksten har her eit ordspel: «Mann» heiter isj, «kvinne» isja. Då sa mannen:
«No er det bein av mine bein
og kjøt av mitt kjøt.
Ho skal kallast kvinne,
for av mannen er ho teken.»
24 # Matt 19,5; Ef 5,31 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.
25 # 3,7 Begge var nakne, både mannen og kvinna, og dei skamma seg ikkje for kvarandre.

ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖

1. Mosebok 2: N11NN

គំនូស​ចំណាំ

ចែក​រំលែក

ចម្លង

None

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល

YouVersion ប្រើប្រាស់សំណល់ទិន្នន័យ (cookies) ដើម្បីកំណត់បទពិសោធន៍តម្រូវសម្រាប់អ្នក។ ដោយការប្រើប្រាស់គេហទំព័ររបស់យើងខ្ញុំ នោះអ្នកយល់ព្រមលើការប្រើប្រាស់សំណល់ទិន្នន័យរបស់យើងខ្ញុំ ដូចបានពណ៌នានៅក្នុង គោលការណ៍ច្បាប់ឯកជន របស់យើងខ្ញុំ