1. Mosebok 1

1
Gud skaper verda
1 # 2,4; Job 38; Sal 8; 33,6; 104; Jer 32,17; Joh 1,1.3; Kol 1,16 # 1,1 skapte Det hebr. verbet som blir nytta her, står alltid med Gud som subjekt. I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.
2 # 1,2 Guds ande kan òg omsetjast «Guds vind». Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3#Sal 33,9; 2 Kor 4,6 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret. 5Gud kalla lyset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, første dagen.
6Gud sa: «Det skal bli ein kvelv midt i vatnet! Han skal skilja vatn frå vatn.» 7#Sal 148,4#1,7 vatnet som er over kvelven himmelhavet. Jf. 7,11; Sal 104,2ff; Job 36,27. Gud laga himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over kvelven. Og slik vart det. 8Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
9 # Job 38,8–11; Sal 33,7; 104,6ff Gud sa: «Vatnet under himmelen skal samla seg på éin stad! Det tørre landet skal koma til syne.» Og slik vart det. 10Gud kalla det tørre landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.
11Gud sa: «Jorda skal bli grøn! Grøne vekstar skal gro på jorda, planter som set frø, og frukttre som ber frukt med frø i, av alle slag.» Og slik vart det. 12Jorda bar fram grøne vekstar, planter som set frø, av alle slag, og tre som ber frukt med frø i, av alle slag. Og Gud såg at det var godt. 13Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen.
14 # Sal 104,19; Jer 31,35 Gud sa: «Det skal bli lys på himmelkvelven til å skilja dag frå natt! Dei skal vera teikn for høgtider, dagar og år. 15Dei skal vera lys på himmelkvelven og skina over jorda.» Og slik vart det. 16#Sal 136,7ff Gud laga dei to store lysa, det største lyset til å herska over dagen og det minste til å herska over natta, og stjernene. 17Gud sette dei på himmelkvelven til å lysa over jorda, 18til å herska over dagen og over natta og til å skilja lyset frå mørkret. Og Gud såg at det var godt. 19Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.
20Gud sa: «Det skal kry av liv i vatnet! Fuglar skal flyga over jorda, oppunder himmelkvelven.» 21Og Gud skapte dei store sjødyra og kvar levande skapning av alle dei slag som vatnet yrer og kryr av, og alle slag fuglar med venger. Og Gud såg at det var godt. 22Gud velsigna dei og sa: «Ver fruktbare og bli mange og fyll vatnet i havet! Og fuglane skal bli mange på jorda.» 23Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.
24Gud sa: «Jorda skal bera fram levande skapningar av alle slag: fe, kryp og villdyr av alle slag!» Og slik vart det. 25Gud laga alle slag ville dyr og alle slag fe og krypet på marka av alle slag. Og Gud såg at det var godt.
26 # 5,1.3; 9,6; Sal 8,7ff # 1,26 menneske hebr. adam. Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.» 27#2,7.21f; Matt 19,4; 1 Kor 11,7#1,27 som mann og kvinne Hebr. har «mannleg og kvinneleg». Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei. 28#9,1 Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.» 29#9,3 Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på heile jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Det skal de ha å eta. 30Og til alle dyr på jorda og til alle fuglar under himmelen og til alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle grøne planter å eta.» Og slik vart det. 31Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt! Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖

1. Mosebok 1: N11NN

គំនូស​ចំណាំ

ចែក​រំលែក

ចម្លង

None

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល

YouVersion ប្រើប្រាស់សំណល់ទិន្នន័យ (cookies) ដើម្បីកំណត់បទពិសោធន៍តម្រូវសម្រាប់អ្នក។ ដោយការប្រើប្រាស់គេហទំព័ររបស់យើងខ្ញុំ នោះអ្នកយល់ព្រមលើការប្រើប្រាស់សំណល់ទិន្នន័យរបស់យើងខ្ញុំ ដូចបានពណ៌នានៅក្នុង គោលការណ៍ច្បាប់ឯកជន របស់យើងខ្ញុំ