YouVersion Logo
Search Icon

2. Timoteus 3

3
Menneska i dei siste tidene
1Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider. #1 Tim 4,1+ 2Då skal folk vera eigenkjærlege og pengekjære, skrytande, hovmodige, spottsame, ulydige mot foreldre, utakksame og utan age for det heilage, #Matt 24,12; Rom 1,29ff+ 3ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan sjølvtøyming, råe, likesæle om det gode, 4svikefulle, oppfarande og store i seg sjølve. Dei elskar lystene sine meir enn Gud. 5Dei har skin av gudlegdom, men fornektar hans kraft. Vend deg bort frå slike folk! 6Mellom dei er det nokre som lurer seg inn i heimane og får makt over kvinner som er tyngde av synder og lèt seg driva av mange slag lyster, #Tit 1,11 7og som alltid vil læra, men aldri kan læra sanninga å kjenna. 8Liksom Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse mennene seg opp mot sanninga. Dei har fått dømekrafta øydelagd, og korkje dei eller trua deira held mål. #2 Mos 7,11f; 1 Tim 6,5 9Men no skal dei ikkje ha meir framgang. For det skal verta klårt for alle kor vitlause dei er; det skal gå dei som det gjekk Jannes og Jambres.
Hald fast på det du har lært!
10Du har fylgt meg i lære og liv, i forsett, tru, langmod, kjærleik og tolmod, 11og i forfylging og liding, som det eg vart ute for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje mått tola av forfylgingar! Men Herren har fria meg ut or dei alle. #Apg 13,50; 14,5.19; 2 Kor 11,23ff 12Alle som vil leva eit gudfryktig liv i trua på Kristus Jesus, skal verta forfylgde. #Matt 16,24; Apg 14,22+ 13Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vilt og fer vilt. 14Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. #2,2 15Og heilt frå barndomen har du kjent dei heilage skriftene, som kan gjera deg vis til frelse ved trua på Kristus Jesus. #Apg 16,1; Joh 5,39 16Alle skrifter som er innanda av Gud, er òg gagnlege til opplæring, til formaning, til rettleiing, til oppseding i rettferd, #Rom 15,4; 2 Pet 1,21 17så det menneske som høyrer Gud til, kan verta som det skal, dugande til all god gjerning.

Currently Selected:

2. Timoteus 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy