Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider. Då skal folk vera eigenkjærlege og pengekjære, skrytande, hovmodige, spottsame, ulydige mot foreldre, utakksame og utan age for det heilage, ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan sjølvtøyming, råe, likesæle om det gode, svikefulle, oppfarande og store i seg sjølve. Dei elskar lystene sine meir enn Gud. Dei har skin av gudlegdom, men fornektar hans kraft. Vend deg bort frå slike folk!