YouVersion Logo
Search Icon

2. Timoteus 4

4
Ein evangelists gjerning
1Eg byd deg framfor Gud og Kristus Jesus, han som skal døma levande og døde, og ved hans kome og hans rike: #Matt 25,31ff; Apg 10,42+ 2Forkynn Ordet, ver budd i tid og utid, overtyd, tal til tukt og tal til trøyst! Gjev ikkje opp når du lærer dei! 3For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eigen hug tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som klår i øyra. #Apg 20,29f; 1 Tim 1,10; 4,6; 6,3; 2 Tim 1,13; Tit 1,9.13; 2,1.8 4Dei skal venda øyra frå sanninga og halda seg til mytar. 5Men ver du vaken i alt det du gjer! Lid vondt, gjer ein evangelists gjerning og fullfør di teneste!#1,8; 2,3
Tida for avferd
6Eg skal no ofrast, og tida er komen då eg skal fara herifrå. #Fil 2,17 7Eg har stridt den gode striden, fullført laupet og halde fast på trua. #Apg 20,24; 1 Kor 9,24f+; Fil 3,14 8Så ligg då rettferdskransen ferdig til meg, den som Herren, den rettferdige domaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har elska han og venta på at han skal koma i herlegdom.
Vener og motstandarar
9Du må koma til meg så snøgt du kan. 10For Demas gjekk frå meg fordi han fekk denne verda kjær. Han fór til Tessalonika. Kreskens har reist til Galatia, Titus til Dalmatia. #Kol 4,14; Filem 24; Tit 1,4+ 11Berre Lukas er hjå meg. Ta Markus med deg når du kjem; han er til stor hjelp for meg i tenesta. #Kol 4,14; Filem 24 12Tykikus har eg sendt til Efesos. #Ef 6,21+ 13Når du kjem, så ta med deg den kappa eg lét vera att i Troas hjå Karpus, og bøkene, fyrst og fremst pergamentrullane. 14Koparsmeden Aleksander har gjort meg mykje vondt. Herren skal løna han etter hans gjerningar. #1 Tim 1,20; Ordt 24,12; Rom 2,6 15Ta deg i vare for han, du òg, for han har gått hardt imot forkynninga vår.
16Fyrste gongen eg forsvarte meg i retten, var det ingen som stod fram og hjelpte meg. Alle forlét meg. Gjev det ikkje må tilreknast dei! #Luk 23,34 17Men Herren var med meg og styrkte meg. Eg skulle fullføra forkynninga av bodskapen, så alle folkeslag kunne få høyra han, og eg vart berga ut or løvegapet. #Apg 23,11; 27,33; Sal 22,22 18Herren skal berga meg frå alt vondt og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Han skal ha ære i all æve! Amen.#Rom 16,27+
19Helsa Priska og Akvilas og alle i huslyden til Onesiforos. #Rom 16,3+ 20Erastus vart att i Korint, og Trofimus lét eg vera att i Milet, for han var sjuk. #Apg 19,22; 20,4 21Gjer deg umak og kom før vinteren.
Eubulus, Pudens, Linus, Klaudia og alle brørne sender si helsing. #4,9 22Herren vere med di ånd!
Nåden vere med dykk! #Gal 6,18+

Currently Selected:

2. Timoteus 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy