YouVersion Logo
Search Icon

2. Timoteus 2

2
Teneste og liding
1Så ver då sterk, son min, ved nåden i Kristus Jesus. 2Og det du har høyrt av meg i nærvære av mange vitne, skal du overgje til pålitelege menneske som duger til å læra andre. #1 Tim 6,12; 2 Tim 3,14 3Lid vondt du òg som ein god Jesu Kristi stridsmann. #1,8; 4,5 4Ingen soldat hefter seg med dei daglege syslar, då kan han ikkje gjera det hærføraren vil. 5Og ein idrettsmann må fylgja reglane om han skal vinna sigerskransen. #1 Kor 9,24ff+; 2 Tim 4,8 6Bonden som gjer arbeidet, skal fyrst få av grøda. #1 Kor 9,7.10 7Tenk over det eg seier! For Herren skal gje deg skjøn på alt.
8Kom Jesus Kristus i hug, han som har stått opp frå dei døde og er av Davids ætt. Dette er mitt evangelium. #1 Kor 15,4.20; Rom 1,3 9Det lid eg vondt for, ja, det er eg bunden for som ein brotsmann. Men Guds ord er ikkje bunde! #Ef 3,1; Fil 1,12ff 10Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, så dei òg skal vinna frelsa i Kristus Jesus og få evig herlegdom. #Kol 1,24 11Det er eit truverdig ord:#Rom 6,3f.8
For har vi døytt med han, ¬skal vi òg leva med han.
12Held vi ut med han, ¬skal vi òg styra med han.
Fornektar vi, ¬skal han fornekta oss. #Rom 8,17; Matt 10,33+
13Er vi trulause, så er han trufast,
for han kan ikkje fornekta ¬seg sjølv. #4 Mos 23,19; Rom 3,3f
Stå fast mot vranglæra!
14Dette skal du minna dei om! For Guds åsyn skal du seia frå at dei ikkje må krangla og tretta. Det tener ikkje til noko, men er berre til skade for dei som høyrer på. #1 Tim 1,6+ 15Legg vinn på å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skjemmast ved, men legg fram sanningsordet utan å bøya av. 16Hald deg frå det gudlause og tome snakket. For dei som driv med det, går berre lenger og lenger i gudløyse, #1 Tim 1,6+ 17og orda deira et om seg som kaldbrann. Mellom dei er Hymeneus og Filetus. #1 Tim 1,20 18Dei har gått bort frå sanninga og er komne på avvegar, for dei seier at oppstoda alt har vore, og dei bryt ned trua hjå folk. 19Men Guds faste grunnvoll står, og har eit segl med denne innskrifta: «Herren kjenner sine», og: «Kvar den som vedkjenner seg Herrens namn, skal venda seg frå urett». #4 Mos 16,5; Matt 7,23; Joh 10,14; 1 Kor 8,3 20I eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sølv, men òg av tre og leir, nokre til ære, andre til vanære. #Rom 9,21 21Den som reinsar seg frå slikt, vert eit kjerald til ære; det er vigsla og nyttig for husbonden og gjort ferdig til all god gjerning.#3,17
22Fly frå ungdomens lyster og jag etter rettferd, truskap og kjærleik, og etter fred med dei som kallar på Herren av eit reint hjarta. #Gal 5,22; 1 Tim 6,11; Apg 9,14+ 23Men tåpelege ordskifte, som ingen lærer noko av, skal du visa frå deg, for du veit at dei skaper strid. #1 Tim 4,7; 6,4f 24Og ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid, men vera venleg mot alle. Han skal vera ein god lærar, viljug til å tola vondt, #Tit 1,7.9 25så han med spaklynde talar til rettes dei som seier imot. For kanskje vil Gud ein gong gje dei omvending, så dei lærer sanninga å kjenna. #Matt 3,2+; 1 Tim 2,4 26Då kan dei vakna av rusen og koma seg ut or den snara djevelen har fanga dei i, så dei må gjera hans vilje.

Currently Selected:

2. Timoteus 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy