4. Mosebok 19
19
Herren byd at dei skal slakta og brenna ei raud kviga; av oska skal dei laga reinsingsvatn. Han segjer fyre korleis dei skal bruka dette vatnet, 1-22.
1Og Herren tala til Moses og Aron og sa: 2Høyr no eit lovbod som Herren hev gjeve! Han sa: Seg til Israels-borni at dei skal koma til deg med ei raud kviga som ikkje hev lyte eller veila og aldri hev vore under åket.#Hebr 9,13 3Den skal de gjeva til Eleasar, presten, og han skal leida henne utanfor lægret, og dei skal slakta henne for augo hans. 4Og Eleasar, presten, skal taka noko av blodet hennar på fingeren og skvetta sju gonger burt imot framsida av møtetjeldet.#3 Mos 4,6.17 5So skal dei brenna kviga for augo hans; både hudi og kjøtet og blodet, og møki med skal dei brenna.#2 Mos 29,14 6Og presten skal taka sedertre og isop og karmosinraud ull og kasta på elden som kviga brenn i.#3 Mos 14,4.6.51 7Sidan skal han två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn, so kann han koma inn i lægret; men han skal vera urein alt til kvelds. 8Den som brende kviga, skal og två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn og vera urein til kvelds. 9Og ein mann som er rein, skal samla i hop oska av kviga og leggja henne på ein rein stad utanfor lægret, so ho kann gøymast åt Israels-lyden til reinsingsvatn; det er eit syndoffer. 10Men den som samla oska av kviga, lyt två klædi sine og vera urein til kvelds. Og dette skal vera ei æveleg lov både for Israels-borni og dei framande som bur millom dei. 11Den som kjem nær ein avliden, eit mannelik, skal vera urein sju dagar.#4 Mos 31,19 12Den tridje og den sjuande dagen skal han reinsa seg for synd med vatn; so vert han rein att; men reinsar han seg ikkje den tridje og den sjuande dagen, so vert han ikkje rein.#4 Mos 19,9#19,12 vatn reinsingsvatnet, v. 9. 13Kven som kjem nær ein avliden, eit mannelik, og ikkje reinsar seg, han gjer Herrens tabernakel ureint og skal rydjast ut or Israel; av di det ikkje er skvett skiringsvatn på han, er han urein, det fylgjer ureinska med han. 14So lyder lovi: Når ein døyr i eit tjeld, so skal alle som kjem inn i tjeldet, og alt som er i tjeldet, vera ureint i sju dagar. 15Og alle opne koppar, alle som det ikkje er lok på eller bundne yver, vert ureine. 16Og den som ute på marki kjem nær ein som er drepen med sverd, eller eit anna lik eller mannebein eller ei grav, skal vera urein i sju dagar. 17Når dei vil reinsa ein som soleis er vorte urein, so skal dei taka noko av oska etter det uppbrende syndofferet og ausa rennande vatn på i eit fat. 18Og ein mann som er rein, skal taka isop og duppa i vatnet og skvetta på huset og på alle dei ting og alle dei folk som var der, og på den som hev kome nær mannebein eller ein mann som er ihelslegen, eller eit anna lik eller ei grav. 19Den tridje og den sjuande dagen skal dei reine skvetta på den som hev vorte urein; og når reinsingi er fullførd den sjuande dagen, skal han två klædi sine og lauga seg i vatn, og vert då rein att same kvelden. 20Men den som vert urein og ikkje reinsar seg, han skal rydjast ut or lyden, for di han hev gjort Herrens heilagdom urein - det hev ikkje kome reinsingsvatn på han; han er urein. 21Dette skal vera ei æveleg lov for dei. Den som skvettar reinsingsvatnet, skal tvo klædi sine, og den som kjem nær reinsingsvatnet, skal vera urein alt til kvelds. 22Alt det den ureine kjem nær, vert ureint, og den som kjem innåt han, skal vera urein til kvelds.
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 19: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2