4. Mosebok 17
17
Herren stadfestar det kallet Aron hev fenge til presteembetet, med eit under: ein mandelstav grønkast og blømer og ber mandlar; dei gøymer han til eit minne, 1-11. Israels-borni vert forferde, 12.13.
1Då tala Herren til Moses og sa: 2Tala til Israels-borni, og få tolv stavar av dei, ein for kvar ætt; av kvar ættehovding skal du få ein stav, og på den skal du skriva namnet hans. 3Og Arons namn skal du skriva på staven åt Levi; for det skal vera ein stav for kvar ættehovding. 4So skal du leggja stavane i møtetjeldet, framfyre vitnemålet, der som eg er van å møtast med dykk.#2 Mos 16,34; 25,22 5Då skal han grønkast, staven åt den eg vel ut; so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plagar dykk med.#4 Mos 16,5 6So tala Moses til Israels-borni, og hovdingane gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom dei var staven hans Aron. 7Og Moses la stavane ned framfor Herrens åsyn i vitnemålstjeldet. 8Då han so andre dagen kom inn i vitnemålstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast og skote knuppar og sett blom og fenge mandlar. 9Då tok han alle stavane og bar dei ut or heilagdomen og synte dei åt alle Israels-borni, og då dei hadde set dei, tok kvar sin stav. 10Og Herren sa til Moses: Ber Arons stav inn att og legg han fram med vitnemålet! Der skal han gøymast til eit teikn for dei ulydige; og du skal gjera ende på mukkingi deira, so eg slepp å høyra på henne; elles lyt dei døy.#Hebr 9,4 11Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt han fyre, so gjorde han. 12Men Israels-borni sa til Moses: Sjå, no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman! 13Kjem nokon innåt - innåt Herrens tabernakel - so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 17: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2