2. Mosebok 34
34
Etter Herrens fyresegn gjer Moses tvo nye steintavlor og stig upp til Herren med dei; Herren let han få sjå herlegdomen sin, 1-7. Moses bed for folket att. Herren vil nya upp att pakti si med dei; han vil gjera store under for dei, og dei skal halda seg ifrå avgudsdyrking og ikkje gjera samband med kana'anitane, men halda Herrens helgar og lover, 8-26. Herren skriv dei ti bodordi på tavlone, Moses stig ned av fjellet med dei; yver andletet hans ligg eit atterskin av Herrens herlegdom, 27-35.
1So sa Herren til Moses: Hogg deg ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, so skal eg på dei skriva dei same ordi som stod på dei fyrste tavlone, dei du slo sund.#5 Mos 10,1-11; 2 Mos 32,19 2Haldt deg so ferdig til i morgon tidleg! Då skal du stiga upp på Sinaifjellet og venta på meg der på fjelltinden. 3Ingen må vera med deg upp, og ingen må syna seg på heile fjellet; heller ikkje må sauer eller naut beita uppunder dette fjellet.#2 Mos 19,12-13 4So hogg Moses ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, og dagen etter reis han upp i otta og gjekk upp på Sinaifjellet, som Herren hadde sagt han til, og hadde båe steintavlone i handi. 5Då steig Herren ned i skyi og gjekk innåt han og ropa Herrens namn.#2 Mos 33,19 6Og Herren for fram midt for augo hans og ropa: Herren, Herren er ein miskunnsam og nådig Gud, tolug og rik på miskunn og sanning!#4 Mos 14,18; Neh 9,17-37; Sal 86,5.15; 103,8-18; Joel 2,13; Jona 4,2 7Han let si miskunn vara i tusund mannsaldrar; han tilgjev misgjerning og brot og synd; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus; han hemner broti åt federne på borni og barneborni, ja på barnebarns-borni og borni etter dei att.#2 Mos 20,5-6; 5 Mos 5,9-10; 7,9-16; Jer 32,18; Mi 7,18-20; Nah 1,3 8Då kasta Moses seg snøgt å gruve og bad. 9Og han sa: Herre, hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og gakk med oss! For um dette er eit hardkyndt folk, so vil du då tilgjeva broti og syndene våre og lata oss vera din eigen lyd.#2 Mos 33,3 10Herren svara: Ja, eg vil gjera ei pakt: Midt for augo åt heile folket ditt vil eg gjera slike under at det aldri hev vore set maken på heile jordi eller hjå noko folkeslag, og heile det folket du bur imillom, skal sjå Herrens verk, kor ageleg det er, og kor store ting eg skal gjera for deg. 11Haldt du dei bodi eg gjev deg i dag! Sjå no vil eg jaga amoritane og kana'anitane og hetitane og ferisitane og hevitane og jebusitane; dei skal røma for deg. 12Akta deg då so du ikkje gjer noko samband med dei som bur i det landet du kjem til! For bur dei imillom dykk, so kunde dei verta ei snara for dykk.#2 Mos 23,32-33 13De skal riva ned altari deira og slå sund minnesteinane deira og hogga ned Astarte-bileti.#2 Mos 23,24#34,13 Astarte-bileti eit slag avgudsbilete. 14Du skal ikkje tilbeda nokon annan gud; for Herren heiter den Strenge; han er ein streng Gud.#2 Mos 20,3-6; 5 Mos 4,24; Nah 1,2 15Aldri må du gjera noko samband med dei som bur der i landet. For når dei held seg med gudane sine og ofrar til dei, so vil dei beda deg til seg, og du vil eta av offeret deira;#4 Mos 25,1-9 16du vil gifta sønene dine med døtterne deira, og dei vil halda seg med gudane sine og lokka sønene dine til å gjera det same.#Dom 3,6; 1 Kong 11,2 17Gjer deg ikkje støypte gudebilete!#2 Mos 20,23; 3 Mos 19,4 18Usyrdebrødhelgi skal du halda; sju dagar skal du eta usyrt brød, so som eg hev sagt deg, på den tid eg hev sett, i abib månad; for i abib månad tok du ut frå Egyptarland.#2 Mos 12,15; 13,3-16; 5 Mos 16,1#34,18 månad 12,2. 19Alt som kjem fyrst frå mors liv, høyrer meg til, alt bufeet som er han av slaget og som fell fyrst undan naut eller sau.#2 Mos 13,2.12-16 20Det fyrste følet som fell undan eit asen, skal du løysa med eit lamb eller kje, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken på det. Kvart sveinbarn i ætti di som er frumbore, skal du løysa. Og ingen må lata seg sjå tomhendes for augo mine.#2 Mos 23,15-19 21Seks dagar lyt du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila; um det so er i våronni eller skurdonni, so skal du kvila den sjuande dagen.#2 Mos 20,8-11 22Sjuvikehelgi skal du halda når du tek inn fyrstegrøda av kveitehausten, og hausthelgi når året er utrunne.#3 Mos 23,15.34-44; 5 Mos 16,9 23Tri gonger um året skal alle karfolki dine møta for Herren, Israels Gud.#2 Mos 23,17 24For eg vil driva ut heidningefolki der du fer fram, og vidka ut riket ditt, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer upp og møter for Herren din Gud - tri gonger um året. 25Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt attåt syrt brød, og ikkje må påskehelgofferet verta liggjande natti yver, til morgondagen.#2 Mos 23,18 26Det allerfyrste av grøda på marki di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølki åt mor si.#2 Mos 23,19; 5 Mos 26,1-15 27Og Herren sa til Moses: Skriv no du upp desse ordi! For etter desse ordi hev eg gjort ei pakt med deg og med Israel.#2 Mos 34,10 28Han var der hjå Herren fyrti dagar og fyrti næter, og ikkje åt han og ikkje drakk han. Og Herren skreiv paktordi, dei ti bodordi, på tavlone.#2 Mos 24,18; 34,1; 5 Mos 4,13 29So gjekk Moses ned av Sinaifjellet med dei tvo vitnemålstavlone i handi, og då han kom ned, stråla og skein det av andletet hans av di at Herren hadde tala med han; men sjølv visste han det ikkje. 30Og Aron og Israels-borni såg at det skein av andletet hans Moses, og dei torde ikkje ganga innåt han. 31Då ropa Moses på dei, og so kom Aron og alle dei øvste av lyden til han, og Moses tala med dei. 32Sidan kom alle Israels-borni burtåt, og han bar fram alle dei bodi som Herren hadde gjeve han på Sinaifjellet. 33Og då Moses hadde sagt dei alt han skulde, la han eit slør for andletet sitt.#2 Kor 3,7.13 34Men når han gjekk inn for Herrens åsyn og skulde tala med han, tok han sløret burt, til han skulde ut att; og når han kom ut, tala han til Israels-borni det han var fyresagd. 35Då såg Israels-borni korleis det stråla av andletet hans Moses, og Moses hadde sløret for andletet att, til dess han skulde inn og tala med Herren.
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
2. Mosebok 34: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2