2. Mosebok 33
33
Herren segjer til folket at dei skal fara lenger, men sjølv vil han ikkje fara med dei; folket syrgjer og tek av seg høgtidsskrudet, 1-6. Moses set upp eit tjeld utanfor lægret; Herren talar med han i skystopulen, 7-11. Moses bed Herren ganga med dei, syna han kva han vil gjera med Israel, og lata han sjå herlegdomen hans; Herren lovar Moses det, 12-23.
1Sidan sa Herren til Moses: Tak ut herifrå, både du og det folket du hev ført upp frå Egyptarland, og far åt det landet som eg lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Di ætt vil eg gjeva det,#1 Mos 12,7 2og eg vil senda ein engel framfyre deg og driva ut kana'anitane og amoritane og hetitane og ferisitane, hevitane og jebusitane. 3Far til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje vera i fylgje med deg; for du er eit hardkyndt folk; eg kom til å gjera av med deg på vegen.#2 Mos 3,8 4Då folket høyrde desse harde ordi, vart dei sorgfulle, og ingen tok på seg høgtidsbunaden sin. 5For Herren sa til Moses: Seg til Israels-borni: De er eit hardkyndt folk; fylgdest eg med deg um det var aldri so lite bel, so laut eg gjera ende på deg. Men tak no av deg høgtidsskrudet, so skal eg sjå kva eg skal gjera for deg! 6Då reiv Israels-borni av seg høgtidsskrudet og bar det ikkje meir, etter den tid dei stod innmed Horebfjellet. 7Moses tok eit tjeld og sette det upp utanfor lægret eit godt stykke ifrå; han kalla det møtetjeldet, og alle som vilde finna Herren, gjekk ut til møtetjeldet som var utanfor lægret.#2 Mos 18,15 8Og kvar gong Moses gjekk ut til tjeldet, so reiste alt folket seg og stod kvar i døri til si tjeldbu og såg etter Moses, til han var komen inn i tjeldet. 9Og når Moses var komen inn i tjeldet, då kom skystopulen ned og stod i tjelddøri, og han tala med Moses.#2 Mos 34,5#33,9 han Herren; 34,5. 10Og heile folket såg skystopulen som stod i døri i møtetjeldet. Då reiste dei seg alle saman og la seg på kne kvar i døri til si tjeldbu. 11Og Herren tala med Moses, andlet mot andlet, som ein mann talar med ein annan. Sidan gjekk Moses attende til lægret; men fylgjesveinen hans, Josva Nunsson, heldt seg allstødt inni møtetjeldet.#4 Mos 12,8 12Og Moses sa til Herren: Sjå, du segjer det til meg; Før dette folket upp! Men eg fær ikkje vita kven du vil senda med meg, og du hev då sjølv sagt: Eg kjenner deg vel, og eg hev fenge godvilje for deg.#Jes 43,1 13Er det so at du hev godvilje for meg, so syn meg då vegane dine, so eg kann læra å kjenna deg og vera deg til lags! Og kom so i hug at dette er ditt eige folk!#Sal 103,7; 2 Mos 19,6 14Då sa Herren til han: Mi åsyn skal ganga med, og eg skal føra deg til ro.#Jes 63,9#33,14 åsyn d. e. eg sjølv. 15Moses svara: Gjeng ikkje di åsyn med, so lat oss ikkje fara herifrå! 16Korleis kann eg då vita at du hev godvilje for meg og folket ditt, utan du gjeng med oss, so eg og folket ditt vert æra framfor alle folkeslag på jordi? 17Då sa Herren til Moses: Det du bed um, skal eg nok gjera; for eg hev fenge godvilje for deg og kjenner deg vel. 18Moses sa: So lat meg få sjå herlegdomen din!#Joh 1,14 19Og han svara: Eg skal lata all min godleik fara fram midt for andletet ditt og ropa ut Herrens namn med det same eg fer framum deg; for eg vil vera nådig mot den som eg er nådig imot, og miskunna den som eg miskunnar.#2 Mos 34,5-7; Rom 9,15 20Og han sa: Du kann ikkje få sjå andletet mitt; for inkje menneske som ser meg, kann leva.#Dom 13,22 21Sidan sa Herren: Sjå her innmed meg på berget er eit rom; der kann du standa, 22og når herlegdomen min fer framum, skal eg setja deg i denne bergskori og halda handi mi yver deg til dess eg hev kome framum. 23Då skal eg taka handi mi burt att; so kann du sjå meg attantil; men andletet mitt fær ingen sjå.
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
2. Mosebok 33: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2