2. Mosebok 30
30
Moses skal gjera eit røykofferaltar, 1-10. Israels-borni skal gjeva løysepengar for livet sitt når dei vert talde, 11-16. Dei skal gjera ei tvåttebalja av kopar, 17-21. Dei skal laga heilag salvingsolje og heilag røykjelse, 22-38.
1So skal du gjera eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du gjera det,#2 Mos 37,25-29 2ei alen langt og ei alen breidt; firkanta skal det vera og tvo alner høgt og hava horn som er samgjorde med det. 3Du skal klæda det med skirt gull både ovanpå og rundt ikring på sidone og på horni, og gjera ein gullkrans på det heilt ikring. 4Nedanfor kransen på dei tvo sidone skal du setja tvo gullringar, tvo på kvar sida, dei skal det smøygjast stenger inn i til å bera altaret etter. 5Stengene skal du gjera av akasietre og klæda dei med gull. 6Dette altaret skal du setja framanfor forhenget som heng attfor vitnemålskista, beint framanfor nådestolen som er uppyver vitnemålet, der som eg vil møtast med deg.#2 Mos 25,22 7Og Aron skal brenna angande røykjelse på det; kvar morgon når han steller lampone, skal han brenna røykjelsen,#Op 5,8 8og det same skal han gjera når han set upp lampone i kveldingi. Dette røykofferet skal de og etterkomarane dykkar dagstødt bera fram for Herren. 9De må ikkje ofra framand røykjelse på altaret, og ikkje brennoffer eller matoffer; heller ikkje må de hella ut drykkoffer på det.#3 Mos 10,1 10Ein gong um året skal Aron gjera soning for altarhorni; med blodet av sonings-syndofferet skal han og etterkomarane hans ein gong um året gjera soning for altaret, mann etter mann; det er høgheilagt for Herren.#3 Mos 16,18-29.33 11Og Herren tala til Moses og sa: 12Når du held manntal yver Israels-borni, so skal alle dei som kjem med i manntalet, gjeva Herren løysepengar for livet sitt med same de vert talde, so det ikkje skal koma nokor ulukka yver dei for teljingi skuld. 13Ein halv sekel i heilag mynt - etter tjuge gera i sekelen - skal kvar gjeva som kjem med i manntalet. Denne halve sekelen er ei reida til Herren. 14Alle dei som kjem med i manntalet, frå tjugeårsalderen og uppetter, skal leggja denne reida til Herren. 15Dei rike skal ikkje gjeva meir og dei fatige ikkje mindre enn ein halv sekel når de legg denne reida åt Herren til løysepengar for livet dykkar. 16Og du skal taka imot løysepengane av Israels-borni og bruka dei til arbeidet i møtetjeldet, so det kann vera ei minning um Israels-borni for Herrens åsyn og ein løysepening for livet dykkar.#2 Mos 38,25-28#30,16 møtetjeldet 38,25-28. 17Og Herren tala til Moses og sa: 18Du skal gjera ei tvåttebalja av kopar; foten under henne skal og vera av kopar, og du skal setja henne millom møtetjeldet og altaret og hava vatn i henne.#2 Mos 38,8; 40,30-33 19Og Aron og sønene hans skal taka av vatnet og två hendene og føtene sine; 20kvar gong dei gjeng inn i møtetjeldet, skal dei två seg i vatnet, so dei ikkje skal lata livet, og like eins når dei stig fram åt altaret og skal gjera tenesta og brenna eldoffer for Herren. 21Dei skal två hender og føter; elles lyt dei døy. Det skal vera ei lov for han og ætti hans, mann etter mann, i all æva. 22Og Herren tala til Moses og sa: 23Få deg angande kryddor av dei gjævaste som er: sjølvrunnen myrra, fem hundrad sekel, og kryddekanel, helvti so mykje eller tvo hundrad og femti sekel, og kryddekalmus, hundrad og femti sekel, 24og kassia, fem hundrad sekel, alt etter heilag vekt, og so ein hin av den finaste bæroljen. 25Av det skal du laga ein heilag salvingsolje, ei kryddesalva, soleis som salvelagarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera,#2 Mos 37,29 26og med den skal du salva møtetjeldet og vitnemålskista#2 Mos 40,9-15 27og bordet med alt det som til høyrer, og ljosestaken med det som høyrer til han, og røykofferaltaret 28og brennofferaltaret med alt det som til høyrer, og balja med foten ho stend på. 29Du skal helga dei, so dei vert høgheilage; kvar den som kjem nær dei, skal vera heilag. 30Og Aron og sønene hans skal du salva og helga, so dei kann vera prestar for meg. 31Og du skal tala til Israels-borni og segja: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk frå ætt til ætt. 32Han må ikkje koma på lekamen åt noko anna menneske, og de må ikkje laga annan olje som er soleis blanda som denne. Heilag er han, og heilag skal de halda han. 33Den som lagar maken til denne kryddesalven eller brukar han på ein som ikkje er vigd, han skal rydjast ut or folket sitt. 34Og Herren sa til Moses: Få deg røykjekryddor: stakte og angeskjel og galban, desse tri kryddeslagi, og so rein angekvåda, like mykje av kvart! 35Det skal du gjera røykjelse av, ei kryddeblanding slik som salveblandarane lagar, salta, rein, heilag. 36Noko av det skal du mylja smått og leggja framfor vitnemålet i møtetjeldet, der som eg vil møtast med deg; høgheilagt skal de halda det.#2 Mos 25,22 37Røykjelse som er soleis blanda som denne, må de ikkje laga åt dykk sjølve; heilag for Herren skal du halda han. 38Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
2. Mosebok 30: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2