Apostelgjerningane 26

26
Forsvarstalen som Paulus held for kong Agrippa: Han talar um si livsferd og si tru, umvendingi si, kallet og apostelyrket sitt, 1-23. Festus og kong Agrippa ytrar seg um talen åt Paulus, 24-29. Alle sannar at han er skuldlaus, 30-32.
1So sa Agrippa til Paulus: Du kann få lov til å svara for deg. Då rette Paulus handi ut og tok til med verjemålet sitt: 2Eg held det for ei lukka, sa han, at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal få verja meg mot alt det jødar skuldar meg for, 3sidan du kjenner so vel til alle skikkar og stridsspursmål hjå jødane. Difor bed eg deg at du vil høyra på meg med tolmod. 4Alt ifrå fyrste ungdomen hev eg butt millom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar kjenner til korleis livet mitt hev vore; 5dei veit frå fyrr, dersom dei berre vil upp med det, at eg hev levt etter den strengaste læra i gudsdyrkingi vår - levt som ein farisear.#Apg 23,6; Fil 3,5 6Og no stend eg her og skal dømast for mi von um det som Gud hev lova federne våre,#Apg 24,15.21; 28,20; 1 Mos 3,15; 22,18; Jes 7,14; 9,6; Jer 23,5; 33,15; Esek 34,23; 37,24 7det som det tolvætta folket vårt ventar å nå, medan dei natt og dag ihuga dyrkar Gud - for den voni skuld, konge, kallar jødar meg for retten! 8Kvi held de det for utruleg hjå dykk at Gud vekkjer upp att menneske som er avlidne? 9Eg tykte ein gong sjølv det var min skyldnad å leggja mein i vegen for namnet åt Jesus frå Nasaret.#Apg 8,3; 9,1; Gal 1,13; 1 Tim 1,13 10Det gjorde eg og i Jerusalem. Eg fekk fullmakt av øvsteprestane og stengde mange av dei heilage inn i fengsli, og når dei skulde avrettast, røysta eg med.#Apg 22,19 11Rundt ikring i alle synagogone truga eg dei tidt med refsingar til å spotta; so rasande var eg på dei at eg forfylgde dei heilt til byane i utlandet. 12Medan det stod på, for eg ein gong til Damaskus med fullmakt og ærend frå øvsteprestane.#Apg 9,2-19; 22,6-21 13På den ferdi, konge, såg eg midt på dagen eit ljos, klårare enn soli; det kom frå himmelen og skein rundt ikring meg og dei som ferdast i hop med meg. 14Me stupte alle åt jordi, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på det hebraiske målet: Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg? Det vert stridt for deg å spenna mot brodden! 15Kven er du, Herre? sa eg. Og Herren svara: Eg er Jesus, han som du forfylgjer. 16Men reis deg upp og statt på føtene dine! At eg hev synt meg for deg, er av di eg vilde kåra deg til tenar og til vitne både um det du hev set, og um det du skal få sjå av meg sidan. 17Eg vil fria deg ut frå Israels-folket og frå heidningane, som eg sender deg til, 18so du skal opna augo deira og få dei til å venda um frå myrker til ljos og frå Satans velde til Gud; då skal dei få forlating for syndene sine og ein arvlut millom dei som er helga ved trui på meg.#Jes 35,5; 42,7; 60,1; Ef 1,18; Kol 1,13; 1 Pet 2,25 19Etter dette, kong Agrippa, var eg ikkje uviljug til å lyda himmelsyni,#Gal 1,16 20men bar bod fyrst til dei i Damaskus og til Jerusalem og yver heile Judealandet og sidan til heidningane, og bodet var det at dei skulde venda um og koma attende til Gud og gjera verk som svarar til umvendingi.#Apg 9,20.28-29; Matt 3,8 21Difor var det nokre jødar greip meg i templet og vilde taka livet mitt.#Apg 21,30-31 22So hev eg då til denne dag fenge hjelp av Gud, og no stend eg her og vitnar både for små og store, og segjer ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulde henda:#Luk 24,44-49 23at Messias laut lida, og at han skulde vera den fyrste som stod upp or gravi, og so skulde han bera bod um ljos både til Israels-lyden og til heidningane.#1 Kor 15,20; Kol 1,18; Op 1,5; Luk 2,32 24Då han kom til desse ordi i verjemålet sitt, ropar Festus: Du er frå vitet, Paulus! Den store lærdomen din fører deg burt i vitløysa. 25Eg er ikkje frå vitet, gjævaste Festus, svara Paulus; det er sanne og vislege ord eg talar. 26Kongen kjenner til desse ting; difor talar eg og so hugheilt til han. Eg kann ikkje tru at noko av dette er dult for han; for det hev ikkje gjenge fyre seg i ein avkrok. 27Trur du profetane, kong Agrippa? - eg veit at du trur! 28Då sa Agrippa til Paulus: Det vantar ikkje mykje på at du fær talt meg yver til å verta ein kristen. 29Anten det vantar mykje eller lite, svara Paulus, so vilde eg ynskja til Gud at ikkje berre du, men alle som høyrer på meg i dag, må verta slike som eg er, desse lekkjone undantekne. 30So reiste dei seg, både kongen og landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der, 31og medan dei gjekk burt, rødde dei med kvarandre og sa: Den mannen gjer ikkje noko som han var verd å lata livet eller haldast i fengsel for.#Apg 25,25 32Og Agrippa sa til Festus: Denne mannen kunde vorte sett fri, hadde han ikkje skote saki si til keisaren.#Apg 25,11

ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖

Apostelgjerningane 26: Bibel1938

គំនូស​ចំណាំ

ចែក​រំលែក

ចម្លង

None

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល