1
1. Mosebok 37:5
Bibel 1938 - Bibelselskapet
Bibel1938
Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på han.
ប្រៀបធៀប
រុករក 1. Mosebok 37:5
2
1. Mosebok 37:3
Men Israel heldt Josef kjærast av alle sønene sine, for han hadde fenge han på sine gamle dagar; og han hadde gjort ein sid ermekjole åt han.
រុករក 1. Mosebok 37:3
3
1. Mosebok 37:4
Og då brørne hans såg at far deira heldt meir av han enn av alle brørne hans, vart dei hatige på han og kunde ikkje tala eit godt ord til han.
រុករក 1. Mosebok 37:4
4
1. Mosebok 37:9
So hadde han ein draum att, og den fortalde han og brørne sine; han sa: Veit de kva eg no hev drøymt? Eg tykte soli og månen og elleve stjernor la seg å gruve for meg.
រុករក 1. Mosebok 37:9
5
1. Mosebok 37:11
Brørne hans var ovundsjuke på han, men far hans la seg dette på minne.
រុករក 1. Mosebok 37:11
6
1. Mosebok 37:6-7
Han sa til dei: No skal de høyra kva eg hev drøymt! Eg tykte me var ute på åkeren og batt kornband. Best det var, reiste mitt kornband seg upp og stod, og dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.
រុករក 1. Mosebok 37:6-7
7
1. Mosebok 37:20
Kom no og lat oss slå han i hel og kasta han ned i ein av desse brunnane her og so segja at eit udyr hev ete han upp! Då skal me sjå kva det vert av draumane hans.
រុករក 1. Mosebok 37:20
8
1. Mosebok 37:28
og då kjøpmennene - dei var frå Midian - for framum, drog dei Josef upp or brunnen, og so selde dei Josef for tjuge sylvdalar til ismaelitane; og dei tok Josef med seg til Egyptarland.
រុករក 1. Mosebok 37:28
9
1. Mosebok 37:19
og dei sa seg imillom: Sjå, der kjem denne stordrøymaren!
រុករក 1. Mosebok 37:19
10
1. Mosebok 37:18
Dei såg han langt burte, og fyrr han kom innåt dei, samråddest dei um å drepa han
រុករក 1. Mosebok 37:18
11
1. Mosebok 37:22
Og Ruben sa til dei: Lat det ikkje renna blod! Kasta han ned i denne brunnen her i øydemarki, men legg ikkje hand på han! Dette sa han av di han vilde berga han ut or hendene deira og få han heim att til far hans.
រុករក 1. Mosebok 37:22
គេហ៍
ព្រះគម្ពីរ
គម្រោងអាន
វីដេអូ