YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 3

3
Ormen (djevelen) lokkar kvinna til å eta av frukti på det forbodne treet; ho gjev mannen sin med seg, og han et; dei ser at dei er nakne, og gjøymer seg, 1-8. Gud lyser straff yver ormen og kvinna og mannen, men gjev og den lovnaden at kvinne-ætti skal krasa hovudet på ormen, 9-19. Adam kallar kona si Eva; Gud gjer skinnkjolar åt dei og driv dei ut or paradiset, 20-24.
1Men ormen var sløgaste av alle villdyri som Herren Gud hadde gjort, og han sa til kvinna: Kann det vera råd at Gud hev sagt at de ikkje må eta av noko tre i hagen? 2Og kvinna sa til ormen: Me kann eta av fruktene på trei i hagen, 3men frukti på det treet som er midt i hagen - den, sa Gud, må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!#1 Mos 2,16-17 4Då sa ormen til kvinna: De skal ikkje døy.#Joh 8,44; 2 Kor 11,3 5Men Gud veit vel at den dag de et av frukti, skal augo dykkar opnast; og de skal verta liksom Gud og skyna godt og vondt. 6Og kona såg at treet var godt å eta av, og tykte det var ein hugnad for augo og eit gildt tre, med di det kunde gjera ein klok. So tok ho av frukti og åt, og gav mannen sin og med seg, og han åt.#1 Tim 2,14; 1 Joh 2,16 7Då fekk dei augo upp båe tvo og gådde at dei var nakne. Og dei neste i hop lauv av fiketreet og sveipte kring livet.#1 Mos 2,25 8Og dei høyrde Herren Gud som gjekk i hagen, då det leid imot kvelden og tok til å svalna. Og Adam og kona hans løynde seg for Guds augo millom trei i hagen. 9Då ropa Herren Gud på Adam og sa til han: Kvar er du? 10Og han svara: Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, av di eg var naken, og so løynde eg meg. 11Då sa han: Kven sa deg det at du er naken? Hev du ete av det treet eg sa deg at du ikkje måtte eta av? 12Og Adam sa: Kvinna som du gav meg til å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt. 13Då sa Herren Gud til kvinna: Kva er det du hev gjort! Og kvinna sa: Ormen lokka meg, og eg åt.#2 Kor 11,3; 1 Tim 2,14 14Då sa Herren Gud til ormen: For di du gjorde det, skal du vera forbanna millom alt bufeet og millom alle villdyri. På buken skal du skrida, og mold skal du eta alle dine levedagar. 15Og hat vil eg setja millom deg og kvinna og millom di ætt og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga dei i hælen.#Hebr 2,14-15; 1 Joh 3,8; Rom 16,20 16Og til kvinna sa han: Stor vil eg gjera di møda, so tidt du er umhender. Med verk og vande skal du eiga born, og etter mannen din skal du stunda, og han skal hava velde yver deg.#1 Kor 14,34; Ef 5,22-24; 1 Tim 2,11-12; 1 Pet 3,1 17Og til Adam sa han: For di du lydde kona di og åt av det treet som eg forbaud deg å eta av, so skal jordi vera forbanna for di skuld. Med møda skal du næra deg av henne alle dine levedagar. 18Torn og tistel skal ho bera deg, og du skal eta urtene på marki. 19Med sveiten i andletet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jordi att; for av henne er du teken. For mold er du, og til moldi skal du attende.#2 Tess 3,10; 1 Mos 18,27; Fork 12,7; Sal 90,3 20Og Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor åt alle dei levande. 21Og Herren Gud gjorde skinnkjolar til Adam og kona hans og klædde dei med. 22Og Herren Gud sa: Sjå, mannen hev vorte som ein av oss til å skyna godt og vondt. Berre han no ikkje retter ut handi og tek av livsens tre og et og lever i all æva! 23Og Herren Gud viste han ut or Edens hage og sette han til å dyrka jordi, som han var teken utav. 24Og han dreiv mannen burt; og framfyre Edens hage sette han kjerubane med logande sverd, som dei let brå att og fram; dei skulde vakta vegen til livsens tre.

Currently Selected:

1. Mosebok 3: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy