YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 4

4
Adam fær tvo søner, Kain og Abel; dei ber fram kvar sitt offer; Gud ser blidt til Abels offer, men ikkje til Kains; difor vert Kain harm på bror sin; Gud åtvarar han, 1-7. Kain slær Abel i hel; Gud lyser straff yver han, men vil ikkje at nokon skal drepa han, 8-16. Kain fær sonen Hanok og byggjer ein by; ein av ættingane hans var Lamek, ein ovmodig mann, 17-24. Adam fær sonen Set, og hans son er Enos, 25.26.
1Og Adam budde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn og åtte Kain. Då sa ho: Ein mann hev eg fenge av Herren! 2Sidan åtte ho Abel, bror hans. Og Abel vart sauehyrding, og Kain vart jorddyrkar. 3Og det hende då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki. 4Og Abel bar og fram ei gåva, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira. Og Herren såg blidt til Abel og gåva hans,#2 Mos 34,19; Hebr 11,4 5men ansa ikkje Kain og hans gåva. Då vart Kain brennande harm, og stirde nedfyre seg. 6Og Herren sa til Kain: Kvi er du harm, og kvi stend du og stirer nedfyre deg? 7Hev du godt i tankar, kann du ikkje då lyfta upp augo. Men hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer. Ho trår etter deg, men du lyt halda henne i age.#Job 11,14-15; Rom 6,12.16 8Og Kain tala med Abel, bror sin. Og det gjekk so til medan dei var utpå marki, at Kain rauk på Abel, bror sin, og slo han i hel.#1 Joh 3,12 9Då sa Herren til Kain: Kvar er Abel, bror din? Og han svara: Eg veit ikkje. Skal eg gjæta bror min? 10Då sa han: Kva hev du gjort! Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jordi!#Hebr 12,24 11Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand. 12Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi. 13Då sa Kain til Herren: Skuldi mi er større enn at eg kann bera. 14Sjå, du hev i dag drive meg ut or landet, og eg lyt løyna meg for dine augo og vera heimlaus og fredlaus på jordi, og kven som finn meg, kjem til å slå meg i hel.#Job 15,20-35 15Då sa Herren til han: Nei! for drep nokon Kain, so skal det hemnast sju gonger. Og Herren gav Kain eit merke, so dei ikkje skulde slå han i hel, kven som fann han. 16So hadde Kain seg utor Herrens augo, og busette seg i eit land som heiter Nod, austanfor Eden.#4,16 Nod d. e. flukt. 17Og Kain budde saman med kona si, og ho vart med barn og åtte Hanok. Sidan tok han seg til å byggja ein by og kalla byen Hanok etter son sin. 18Og Hanok vart far til Irad; og Irad fekk sonen Mehujael, og Mehujael fekk sonen Metusael, og Metusael fekk sonen Lamek. 19Og Lamek tok seg tvo konor. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla. 20Og Ada åtte sonen Jabal. Frå han er dei ætta dei som bur i tjeldbuer og held buskap. 21Og bror hans heitte Jubal. Frå han er dei ætta all dei som spelar på harpa og fløyta. 22Og Silla åtte og ein son. Han vart kalla Tubalkain; og han smidde alle slag bitjarn, både av kopar og av jarn. Og syster åt Tubalkain heitte Na'ama. 23Og Lamek sa til konone sine: Ada og Silla, høyr mine ord, Lameks konor, lyd på mi røyst! Ein mann drep eg for kvart sår og ein svein for kvar skråma eg fær. 24For Kain skal hemnast sju gonger, men Lamek sju og sytti gonger.#1 Mos 4,15 25Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son og kalla han Set. For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel, sa ho, for di Kain slo han i hel.#4,25 Set d. e. sett i staden. 26Og Set fekk og ein son og kalla han Enos. Då tok dei til å kalla på Herren.#1 Mos 12,8

Currently Selected:

1. Mosebok 4: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy