YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 2

2
Gud kviler den sjuande dagen og helgar han, 1-3. - Gud vatnar jordi, skaper mennesket av mold og blæs livsens ande inn i det, 4-7, set det i Edens hage og gjev det lov til å eta av alle trei, so nær som av treet som gjev vit på godt og vondt, 8-17, leidar dyri til Adam. Adam gjev dei namn, men finn ingi hjelp som høver for han millom dyri; difor skaper Gud ei kvinna av eit av sidebeini hans, og skipar ektestandet, 18-25.
1So vart himmelen og jordi fullferda, med heile sin her. 2Og den sjuande dagen fullferda Gud det verket han gjorde, og kvilde den sjuande dagen etter alt verket han hadde gjort.#2 Mos 31,17; Hebr 4,4 3Og Gud velsigna den sjuande dagen og gjorde han heilag; for den dagen kvilde han etter alt sitt verk, det som Gud gjorde då han skapte.#2 Mos 20,11 4Dette er soga um himmelen og jordi, då dei vart skapte, den tid Herren Gud gjorde jord og himmel: 5Det fanst endå ikkje ei grøn buska på jordi, og endå hadde ikkje eit grasstrå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jordi, og der var ingen mann til å dyrka marki. 6Då steig det upp eim or jordi og dogga all marki. 7Og Herren Gud skapte mannen av mold or marki og bles livsens ande i nosi hans, og mannen fekk sjel og liv.#1 Mos 1,27; 1 Kor 15,45.47 8Og Herren Gud gjorde ein hage i Eden, langt aust, og der sette han mannen som han hadde skapt. 9Og Herren Gud let alle slag tre veksa upp av jordi, gilde å sjå til og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev vit på godt og vondt.#Op 2,7; 22,2 10Og det gjekk ei elv ut ifrå Eden. Ho vatna hagen, og sidan kløyvde ho seg i fire greiner. 11Den fyrste heiter Pison. Det er den som renn kringum heile Havilalandet, der som det er gull. 12Og gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bdellium og onykssteinen.#2,12 bdellium eit slag kvåda som angar godt. 13Og den andre elvi heiter Gihon; det er den som renn kringum heile Kuslandet. 14Og den tridje elvi heiter Hiddekel; det er den som gjeng austanfor Assur. Og den fjorde elvi det er Frat. 15Og Herren Gud tok mannen og sette han i Eden til å dyrka og varna hagen. 16Og Herren Gud sa mannen fyre og baud: Du må gjerne eta av alle trei i hagen. 17Men det treet som gjev vit på godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dag du et av det, skal du døy.#Rom 5,12; 6,23 18Og Herren Gud sa: Det er ikkje godt at mannen er einsleg. Eg vil gjeva han ei hjelp som høver for han.#Fork 4,8-9 19Og Herren Gud hadde teke av jordi og skapt alle dyri på marki og alle fuglane i lufti, og han leidde dei fram til mannen og vilde sjå kva han kalla dei; og som mannen kalla kvart kvikjende, so skulde det heita. 20Og mannen gav alt bufeet namn, og fuglane i lufti og alle villdyri, men for ein mann fann han ingi hjelp som var høveleg. 21Då let Herren Gud ein tung svevn koma på mannen, og medan han sov, tok han eit av sidebeini hans og fyllte att med kjøt. 22Og Herren Gud bygde ei kvinna av det sidebeinet han tok av mannen, og leidde henne fram til han.#1 Kor 11,8; 1 Tim 2,13 23Då sa mannen: Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kjerring; for ho er teki av ein kar. 24Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei skal vera eitt kjøt.#Matt 19,5; Ef 5,31 25Og dei var nakne, både Adam og kona hans, og dei blygdest ikkje.#1 Mos 3,7

Currently Selected:

1. Mosebok 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy