4. Mosebok 26
26
1sa Herren til Moses og presten Elasar, son til Aron: 2«Hald manntal over heile Israels-folket, ættgrein for ættgrein! Tel alle våpenføre menn i Israel som er tjue år eller meir!» 3Moses og presten Elasar tala då til folket på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. 4Dei sa at alle som var tjue år eller meir, skulle teljast, så som Herren hadde sagt til Moses.
Dette er etterkomarane etter dei israelittane som hadde fare frå Egypt: #1,2 5Ruben var eldste son til Israel, og dette er etterkomarane hans: Frå Hanok kjem Hanok-ætta, frå Pallu Pallu-ætta, #2 Mos 6,14; 1 Krøn 5,3 6frå Hesron Hesron-ætta og frå Karmi Karmi-ætta. 7Det var Rubens-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 43 730.
8Son til Pallu var Eliab, 9og sønene til Eliab var Nemuel, Datan og Abiram. Det var Datan og Abiram som var utvalde av Israels-folket og likevel gjorde oppreist mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg opp mot Herren. #16,1ff; Sal 106,16ff 10Jorda opna gapet sitt og gløypte både dei og Korah; heile flokken omkom. Elden gjorde ende på to hundre og femti mann, eit teikn til skrekk og åtvaring. 11Men sønene til Korah miste ikkje livet.
12Dette er etterkomarane etter Simeon, ætt for ætt: Frå Nemuel kjem Nemuel-ætta, frå Jamin Jamin-ætta, frå Jakin Jakin-ætta, #1 Mos 46,10 13frå Serah Serah-ætta og frå Saul Sauls-ætta. 14Det var Simeons-ættene, 22 200 i talet.
15Dette er etterkomarane etter Gad, ætt for ætt: Frå Sefon kjem Sefon-ætta, frå Haggi Haggi-ætta, frå Sjuni Sjuni-ætta, 16frå Osni Osni-ætta, frå Eri Eri-ætta, 17frå Arod Arod-ætta og frå Areli Areli-ætta. 18Det var Gads-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 40 500.
19Sønene til Juda var Er og Onan. Dei døydde i Kanaan. #1 Mos 38,3ff 20Dette er etterkomarane etter Juda, ætt for ætt: Frå Sjela kjem Sjela-ætta, frå Peres Peres-ætta og frå Serah Serah-ætta. 21Dette er etterkomarane etter Peres: Frå Hesron kjem Hesron-ætta og frå Hamul Hamul-ætta. #Rut 4,18; 1 Krøn 2,5 22Det var Juda-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 76 500.
23Dette er etterkomarane etter Jissakar, ætt for ætt: Frå Tola kjem Tola-ætta, frå Puvva Puvva-ætta, 24frå Jasjub Jasjub-ætta og frå Sjimron Sjimron-ætta. 25Det var Jissakars-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 64 300.
26Dette er etterkomarane etter Sebulon, ætt for ætt: Frå Sered kjem Sered-ætta, frå Elon Elon-ætta og frå Jakle'el Jakle'el-ætta. 27Det var Sebulons-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 60 500.
28Sønene til Josef og ættene deira var Manasse og Efraim. 29Dette er etterkomarane etter Manasse: Frå Makir kjem Makir-ætta og frå Gilead Gilead-ætta. Makir var far til Gilead. 30Og dette er etterkomarane etter Gilead: Frå Jeser kjem Jeser-ætta, frå Helek Helek-ætta, #Jos 17,2 31frå Asriel Asriel-ætta, frå Sikem Sikem-ætta, 32frå Sjemida Sjemida-ætta og frå Hefer Hefer-ætta. 33Selofhad, son til Hefer, hadde ingen søner, berre døtrer, og namna deira var Makla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa. #27,1; 36,11 34Det var Manasse-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 52 700.
35Dette er etterkomarane etter Efraim, ætt for ætt: Frå Sjutelak kjem Sjutelak-ætta, frå Beker Beker-ætta og frå Takan Takan-ætta. 36Dette er etterkomarane etter Sjutelak: Frå Eran kjem Eran-ætta. 37Det var Efraims-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 32 500. Det var etterkomarane etter Josef, ætt for ætt.
38Dette er etterkomarane etter Benjamin, ætt for ætt: Frå Bela kjem Bela-ætta, frå Asjbel Asjbel-ætta, frå Ahiram Ahiram-ætta, 39frå Sjufam Sjufam-ætta og frå Hufam Hufam-ætta. 40Bela hadde desse etterkomarane: Frå Ard kjem Ard-ætta og frå Na'aman Na'aman-ætta. 41Det var etterkomarane etter Benjamin, ætt for ætt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 600.
42Dette er etterkomarane etter Dan, ætt for ætt: Frå Sjuham kjem Sjuham-ætta. Det var Dans-ættene. 43Talet på dei som høyrde Sjuham-ættene til, var 64 400.
44Dette er etterkomarane etter Asjer, ætt for ætt: Frå Jimna kjem Jimna-ætta, frå Jisjvi Jisjvi-ætta, frå Beria Beria-ætta, 45frå Heber Heber-ætta og frå Malkiel Malkiel-ætta. 46Asjer hadde ei dotter som heitte Sera. 47Det var Asjers-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 53 400.
48Dette er etterkomarane etter Naftali, ætt for ætt: Frå Jakse'el kjem Jakse'el-ætta, frå Guni Guni-ætta, #1 Krøn 7,13 49frå Jeser Jeser-ætta og frå Sjillem Sjillem-ætta. 50Det var Naftali-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 45 400. 51I alt vart det mønstra 601 730 israelittar.#2 Mos 12,37
52Herren sa til Moses: 53«Mellom desse skal landet skiftast ut til odel og eige, etter folketalet. 54Dei store ættene skal du gje stor eigedom og dei små ættene mindre. Kvar ætt skal få eigedom etter folketalet. #33,54 55Landet skal skiftast ved loddkasting, og kvar ættgrein skal få land i det området som høyrer ætta til. 56Etter som loddet fell, skal kvar ætt, stor eller lita, få sin eigedom.»
57Dette er dei levittane som vart mønstra, ætt for ætt: Gersjon-sønene, ætta etter Gersjon; Kehat-sønene, ætta etter Kehat, og Merari-sønene, ætta etter Merari. #2 Mos 6,16ff; 4 Mos 3,17ff 58Desse ættgreinene var det i Levi-ætta: Libni-sønene, Hebron-sønene, Makli-sønene, Musji-sønene og Korah-sønene. Kehat fekk sonen Amram; 59kona til Amram heitte Jokebed. Ho var dotter til Levi og var fødd i Egypt. Med henne fekk Amram sønene Aron og Moses og Mirjam, syster deira. #2 Mos 2,1ff; 6,20ff; 1 Krøn 6,2.3 60Aron fekk sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar. 61Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigsla eld fram for Herren. #3 Mos 10,1.2 62Talet på levittane var 23 000 når alle menn og alle gutar som var meir enn ein månad gamle, var medrekna. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, fordi dei ikkje fekk nokon eigedom som dei.
63Dette var den folketeljinga som Moses og presten Elasar stod føre mellom israelittane på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. 64Ingen av desse var med i manntalet den gongen Moses og presten Aron mønstra israelittane i Sinai-øydemarka. #1,2ff 65For Herren hadde sagt at dei skulle døy i øydemarka. Av dei var det ingen annan att enn Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.#14,22–24.29–33; 32,11.12; 1 Kor 10,5
Currently Selected:
4. Mosebok 26: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2