YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 25

25
Israels fråfall ved Peor
1Medan israelittane heldt til i Sjittim, tok dei til å driva utukt med moabittkvinner, #25,1 Sjittim Abel-Sjittim, «Akasiebekken», på slettene nordaust for Daudehavet. Sml. 33,49. 2som bad folket til offerfest for gudane sine. Folket var med på måltida og kasta seg ned for gudane deira; #31,16 3israelittane heldt seg til Ba'al-Peor. Då vart Herren brennande harm på dei, #25,3 Ba'al-Peor moabittisk gud. #5 Mos 4,3; Jos 22,17; Sal 106,28; Hos 9,10 4og han sa til Moses: «Ta alle leiarane i folket og heng dei opp på ein stokk for Herren under open himmel! Så vil Herrens brennande vreide venda seg bort frå Israel.» #5 Mos 21,22.23 5Moses sa til styresmennene i Israel: «Kvar av dykk skal drepa dei av mennene sine som har halde seg til Ba'al-Peor.»
6Best det var, kom ein israelitt med ei kvinne frå Midjan. Han førte henne inn mellom landsmennene sine, midt for augo på Moses og heile Israels-lyden, der dei sat og gret attmed møteteltdøra. #25,6 ei kvinne frå Midjan Midjanittane var på denne tid i samband med moabittane og i strid mot Israel, 22,4.7. #25,6 dei sat og gret av di Herren hadde straffa dei med pest, v. 8. 7Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og treiv eit spyd. #Sal 106,30 8Så fylgde han etter israelitten inn i soveromet og rende spydet gjennom dei begge, både israelitten og kvinna, så det gjekk inn i livet hennar. Då stogga pesten som herja mellom israelittane. 9Men tjuefire tusen hadde mist livet i pesten.#1 Kor 10,8
10Herren sa til Moses: 11«Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane, fordi han synte sin brennhug for meg mellom dei. Difor ville eg ikkje vera så streng at eg gjorde ende på dei. 12Av den grunn skal du seia: Eg gjer ei venskapspakt med han. 13Han og ætta hans etter han skal ha ein evig rett til å vera prestar, fordi han var brennhuga for Gud og gjorde soning for israelittane.»#Sal 106,31
14Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av hovdingane i Simeons-ætta. 15Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi; ho var dotter til Sur, som var hovding over ei av ættene i Midjan.#31,8
16Sidan sa Herren til Moses: 17«De skal gå til strid mot midjanittane og slå dei ned. #31,2 18For dei gjekk til strid og bruka list mot dykk, då det hende dette med Peor og med Kosbi, dotter til midjanitthovdingen, ho som vart drepen den gongen pesten herja etter hendinga med Peor.»
Ny folketeljing
19Då pesten var over,

Currently Selected:

4. Mosebok 25: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in