YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 27

27
Lov om arverett for døtrer
1Selofhad, son til Hefer, son til Gilead, son til Makir, son til Manasse, Josefs son, hadde fleire døtrer. Dei heitte Makla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa. #26,33; Jos 17,3ff 2Dei gjekk fram til møteteltdøra og stod framfor Moses og presten Elasar og hovdingane og heile folket og sa: 3«Far vår døydde i øydemarka; men han var ikkje med i den flokken som sette seg opp mot Herren, Korah-flokken. Han døydde på grunn av si eiga synd. Og han hadde ingen søner. #14,29; 16,1ff 4Skal no namnet åt far vår gå ut or ætta, fordi han ikkje hadde nokon son? Lat oss få eigedom saman med farbrørne våre!»
5Moses la spørsmålet fram for Herren, #3 Mos 24,12 6og Herren sa til han: 7«Det er rett, det som døtrene til Selofhad seier. Gjev dei odelsjord saman med farbrørne deira, og lat farsarven gå over til dei! 8Sei til israelittane: Når ein mann døyr sonelaus, skal de la garden gå i arv til dottera. 9Har han inga dotter heller, skal de gje brørne hans garden. 10Og har han ikkje brør, skal de la farbrørne hans få garden. 11Men hadde ikkje faren nokon bror, skal de la næraste slektningen hans få garden.» Dette skal vera lov og rett for israelittane, som Herren sa Moses føre.
Moses gjer Josva til førar
12Herren sa til Moses: «Stig opp på Abarim-fjellet, så skal du få sjå det landet eg har gjeve israelittane. #5 Mos 32,48f 13Og når du har sett det, skal du òg fara til folket ditt, liksom Aron, bror din, før deg. #20,28 14For de lydde ikkje mitt ord i Sin-øydemarka, den gongen folket tretta med meg, då de skulle ha late vatn strøyma fram for augo på dei og såleis vist kor heilag eg er.» – Det er Meriba-kjelda i Sin-øydemarka.#20,12.24
15Moses sa til Herren: 16«Herre, du Gud som rår over ånda i kvar levande skapning, du må setja ein annan mann over folket, #27,16 rår over ånda rår for liv og død. #16,22 17ein som kan gå føre dei både heime og borte og føra dei ut og inn, så Herrens folk ikkje skal vera som ein saueflokk utan gjætar.»
18Då sa Herren til Moses: «Ta Josva Nunsson, ein mann som det er ånd i, og legg handa på hovudet hans! #1 Mos 41,38; 5 Mos 3,28; 34,9 19Før han fram for presten Elasar og for heile Israels-lyden, og set han inn i tenesta medan folket er til stades. 20Gjev han noko av den agen du har med deg, så heile Israels-folket må lyda han. 21Men han skal gå fram for presten Elasar, som for Herrens åsyn skal bruka urim og søkja avgjersler for han. På hans ord skal dei fara ut, og på hans ord skal dei fara heim, både Josva og alle israelittane, heile Israels-lyden.»#2 Mos 28,30; 3 Mos 8,8
22Moses gjorde som Herren baud. Han tok Josva og førte han fram for presten Elasar og for heile Israels-lyden. 23Og Elasar la hendene på han og sette han inn i tenesta, som Herren hadde sagt gjennom Moses.#8,10; Apg 13,3

Currently Selected:

4. Mosebok 27: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 4. Mosebok 27