YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 23

23
Jesus for Pilatus
(Matt 27,1–2. 11–14; Mark 15,1–5; Joh 18,33–38)
1Då reiste dei seg, alle saman, og førte han til Pilatus. 2Der tok dei til å føra klagemål mot han. Dei sa: «Vi har funne ut at denne mannen fører folket vårt på avveg: Han forbyd å gje keisaren skatt, og seier at han er Messias, ein konge.» #20,25; Apg 17,7 3Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus. 4Då sa Pilatus til overprestane og folket: «Eg finn inga skuld hjå denne mannen.» 5Men dei tok sterkare i: «Han eggjar opp folket i heile Judea med læra si; han tok til i Galilea, og no er han komen heilt hit.»#Apg 10,37
6Då Pilatus høyrde det, spurde han om mannen var frå Galilea, 7og då han fekk vita at han høyrde under Herodes, sende han Jesus til han; for Herodes òg var i Jerusalem i dei dagane.#23:7Herodes Herodes Antipas. [Matt 14,1.]#3,1
For Herodes
8Herodes vart svært glad då han fekk sjå Jesus, for han hadde høyrt om han og lenge hatt hug å møta han. No gjorde han seg von om å få sjå Jesus gjera eit teikn. #9,9 9Han spurde han om mangt og mykje, men Jesus svara ikkje eit ord. 10Overprestane og dei skriftlærde stod der og kom med sterke klagemål mot han. 11Og Herodes vanvørde han og gjorde narr av han saman med soldatane sine. Så la han ei staseleg kappe om han og sende han attende til Pilatus. 12Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; før hadde det vore fiendskap mellom dei.#Apg 4,27
Pilatus feller domen
(Matt 27,15–26; Mark 15,6–15; Joh 19,6–16)
13Så kalla Pilatus saman overprestane, rådsherrane og folket 14og sa til dei: «De har ført denne mannen fram for meg og sagt at han eggjar opp folket. No har eg spurt han ut medan de høyrde på, og eg har ikkje funne han skuldig i noko av det de klagar han for. 15Det har ikkje Herodes heller, for han har sendt han attende til oss. Han har såleis ikkje gjort noko som han skulle lata livet for. 16Difor vil eg la han piska, og så setja han fri.» 17Men han laut gje dei ein fange fri til høgtida. #23,17 Verset vantar i dei fleste eldre handskriftene. Sjå Matt 27,15; Mark 15,6. 18Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!» 19Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord. #Apg 3,14 20Atter tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri. 21Men dei ropa imot han: «Krossfest! Krossfest han!» 22Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han då gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg lèt han piska, og så gjev eg han fri.» 23Men dei gjekk hardt inn på han. Med høge rop kravde dei at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket. 24Pilatus dømde då at det skulle vera som dei kravde. 25Han sleppte fri den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men Jesus gav han over til dei, så dei kunne gjera med han som dei ville.
Jesus vert krossfest
(Matt 27,31–44; Mark 15,20–32; Joh 19,17–27)
26Så førte dei han bort. På vegen tok dei fatt på ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne; og dei la krossen på han for at han skulle bera han etter Jesus.
27Ein stor folkehop fylgde med; mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han. 28Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar. 29For det kjem dagar då folk skal seia: Lukkelege er dei barnlause, dei kvinner som ikkje føder og ikkje gjev bryst! #21,23 30Då skal dei seia til fjella: Fall over oss! og til haugane: Gøym oss! #Hos 10,8; Op 6,16 31For fer dei slik åt med det grøne treet, korleis skal det då gå med det turre?»
32To andre, to brotsmenn, vart òg førte bort saman med Jesus og skulle lata livet. #Jes 53,12; Luk 22,37 33Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og brotsmennene, den eine på høgre sida hans, og den andre på venstre. 34Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. #Matt 5,44+; Jes 53,12; Sal 22,19 35Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst,» sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde.» 36Soldatane òg gjorde narr av han; dei gav han eddikvin #Sal 69,22 37og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!» 38For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»
39Den eine av brotsmennene som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» 40Men den andre tala han til rettes og sa: «Har du ikkje age for Gud, endå du er under same domen? 41For oss er han rettferdig; vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» 42«Jesus,» sa han, «kom meg i hug når du kjem i ditt rike!» 43Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis.»#2 Kor 12,3f; Op 2,7
Jesus døyr
(Matt 27,45–56; Mark 15,33–41; Joh 19,28–30)
44Det var alt kring den sjette timen. Då vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen; 45for sola hadde svartna. Førehenget i templet rivna midt i to, #2 Mos 26,31ff 46og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Då han hadde sagt det, anda han ut.#Sal 31,6
47Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!» 48Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå. #18,13 49Men alle venene og kjenningane hans stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde fylgt han frå Galilea.#Sal 38,12; Luk 8,2f
Jesus vert gravlagd
(Matt 27,57–61; Mark 15,42–47; Joh 19,38–42)
50Det var ein rådsherre som heitte Josef; han var ein god og rettvis mann 51og hadde ikkje vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk. Han var frå Arimatea, ein by i Judea, og var ein av dei som venta på at Guds rike skulle koma. #2,25.38 52Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu lekam. 53Og han tok han ned, sveipte han i eit linklede og la han i ei grav som var hogd ut i bergveggen, og som det endå ikkje hadde lege nokon i. 54Det var helgaftan, nett før sabbaten tok til.
55Dei kvinnene som hadde vore med han frå Galilea, fylgde etter; dei såg grava og at lekamen hans vart lagd der. #8,2f 56Sidan gjekk dei heim og laga til angande olje og salve. På sabbaten heldt dei seg i ro, som lova kravde.#2 Mos 12,16; 20,10

Currently Selected:

Lukas 23: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy