YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 22

22
Jesu liding og død
(Kap. 22–23)
Samansverjing mot Jesus
(Matt 26,1–5. 14-16; Mark 14,1–2. 10-11)
1No leid det til usyrdebrødshelga, som dei òg kallar påske. #2 Mos 12,1ff 2Overprestane og dei skriftlærde leita etter eit høve til å rydja Jesus or vegen, for dei var redde folket.#19,47f; 20,19
3Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og var ein av dei tolv. #Joh 13,2.27 4Han gjekk av stad og tala med overprestane og hovdingane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus i deira hand. #22,4 tempelvakta ein vaktstyrke som var samansett av levittar (sjå Tillegg). Tempelvakta vert òg omtala som vaktmennene (t.d. Matt 26,58) og som mennene åt overprestane og farisearane (t.d. Joh 7,32). 5Dei vart glade og lova å gje han pengar. 6Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus ein gong han ikkje hadde folket ikring seg.
Påskemåltidet vert førebutt
(Matt 26,17–19; Mark 14,12–16)
7Så kom den dagen i usyrdebrødshelga då påskelammet skulle slaktast. 8Då sende Jesus Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og stell til for oss, så vi kan halda påskemåltid.» 9«Kvar vil du vi skal stella det til?» spurde dei. 10Han svara: «Når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja til det huset han går inn i, 11og så skal de seia til han som eig huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine? 12Då skal han syna dykk ein sal ovanpå med benker og puter. Der skal de stella til.» 13Så gjekk dei og fann det så som han hadde sagt, og dei stelte til påskemåltidet.#19,32
Nattverden
(Matt 26,20–30; Mark 14,17–25)
14Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han. 15Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida. 16For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.» 17Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» #1 Kor 11,23ff 20Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.#Matt 26,28+
21Men sjå, han som svik meg, held handa si på bordet saman med meg. #Joh 13,21f 22Menneskesonen går nok bort, som det er fastsett, men ve det mennesket som svik han!» 23Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.
Avskilsord til dei tolv
24No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største. #9,46 25Då sa Jesus til dei: «Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar. #Matt 20,25ff; Mark 10,42ff 26Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren. 27For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk.#Joh 13,4ff
28De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine. 29Og no overlèt eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg: #12,32 30De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israels-ættene.#Matt 19,28; Op 3,21
31Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. 32Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.» 33«Herre,» sa Peter, «med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.» 34Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»#Matt 26,34; Mark 14,30; Joh 13,38
35Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pung eller skreppe eller skor, vanta de då noko?» «Nei, ingen ting,» svara dei. #9,3; 10,4 36«Men no,» sa han, «må den som har pung, ta han med, og like eins den som har skreppe; og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit. 37For eg seier dykk at det lyt oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna mellom brotsmenn. For det som er fastsett om meg, skal no henda.» #Jes 53,12 38Då sa dei: «Herre, sjå her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.
I Getsemane
(Matt 26,36–46; Mark 14,32–42)
39Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han hadde for vane, og læresveinane fylgde han. #21,37; Joh 18,1 40Då han kom dit, sa han til dei: «Bed at de ikkje må koma i freisting!» 41Han gjekk frå dei, så langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad: #Hebr 5,7f 42«Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!» 43Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han. 44Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda. 45Då han reiste seg etter bøna og kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, fulle av sorg. 46«Korleis kan de sova?» sa han. «Reis dykk, og bed at de ikkje må koma i freisting!»
Jesus vert teken til fange
(Matt 26,47–56; Mark 14,43–50; Joh 18,2–11)
47Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han kom bort til Jesus og ville kyssa han. 48Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med ein kyss?» 49Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi slå til med sverd?» 50Og ein av dei hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. 51Men Jesus sa: «Lat vera med det!» Og han tok bort på øyra åt tenaren og lækte han. 52Så sa han til overprestane og hovdingane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar. 53Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som rår.»#19,47; 21,37
Peter fornektar Jesus
(Matt 26,69–75; Mark 14,66–72; Joh 18,12–18. 25–27)
54Då tok dei han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter fylgde etter eit langt stykke unna. #Matt 26,57f; Mark 14,53f 55Midt inne på gardsplassen hadde dei gjort opp ein eld, og Peter slo seg ned mellom dei som sat der. 56Medan han sat der i ljoset, fekk ei tenestjente sjå han; ho stirte på han og sa: «Han der var òg med han.» 57Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!» 58Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg ikkje,» svara Peter. 59Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Jau visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.» 60Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, mann!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen. 61Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.» #22,34 62Og han gjekk ut og gret sårt.
Jesus for Det høge rådet
(Matt 26,59–68; Mark 14,55–65; Joh 18,19–24)
63Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han. 64Dei batt for augo hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?» 65Og dei håna han på mange andre måtar òg.
66Då det vart dag, kom eldsterådet åt folket saman til møte med overprestane og dei skriftlærde. Jesus vart ført fram for dei, 67og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier dykk det, trur de meg ikkje, 68og om eg spør, svarar de ikkje. 69Men heretter skal Menneskesonen sitja ved høgre handa åt den mektige Gud.» #Sal 110,1 70Då spurde dei alle: «Så er du då Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.» 71Då sa dei: «Kva skal vi no med vitnemål? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.»

Currently Selected:

Lukas 22: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy