YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 24

24
Jesus står opp
(Matt 28,1–10; Mark 16,1–11; Joh 20,1–10)
1Fyrste dagen i veka, tidleg i otta, kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde laga til. 2Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå grava; 3dei gjekk inn, men fann ikkje lekamen åt Herren Jesus. 4Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men brått stod det to menn hjå dei i skinande klede. #Apg 1,10 5Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? 6Han er ikkje her, han er oppstaden. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: 7Menneskesonen skal gjevast i hendene på syndige menneske og krossfestast, og tredje dagen skal han stå opp att.» #9,22.44; 18,31ff 8Då kom dei i hug orda hans. #Joh 2,22 9Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre. 10Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane. #8,2f 11Men dei tenkte det var laust snakk og trudde dei ikkje. 12Peter stod likevel opp og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han attende til huset der han budde, og han undra seg over det som hadde hendt.
På vegen til Emmaus
(Mark 16,12–13)
13Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadier frå Jerusalem, #24,13 seksti stadier vel ei mil. Sjå Tillegg: Mål og vekt. 14og dei tala med einannan om alt det som hadde hendt. 15Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. 16Men dei var som synkvervde, så dei kjende han ikkje att. 17«Kva er det de går og talar om med einannan?» spurde han. Då stogga dei og såg sorgfulle på han, 18og den eine av dei, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste som er komen til Jerusalem og ikkje veit kva som har hendt der i desse dagane.» 19«Kva då?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket. #Matt 21,11+ 20Men overprestane og rådsherrane våre fekk dømt han til døden og krossfeste han. 21Vi vona at han var den som skulle fria ut Israel! Og no har det alt gått tre dagar sidan dette hende. #1,68; 2,38; Apg 1,6 22Men nokre av kvinnene i flokken vår har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava, 23men fann ikkje lekamen hans. Dei kom attende og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever. 24Nokre av våre gjekk då ut til grava, og dei fann det nett så som kvinnene hadde sagt; men han sjølv såg dei ikkje.»
25Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! 26Laut ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?» 27Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hjå alle profetane.#5 Mos 18,15; Sal 22; Jes 53; Apg 17,3; 1 Pet 1,11
28Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger. 29Men dei nøydde han og sa: «Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.» Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei. 30Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. #22,19 31Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei. 32Då sa dei til einannan: «Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?» 33Og dei tok ut med ein gong og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, 34og desse sa: «Herren er sanneleg oppstaden og har synt seg for Simon.» #1 Kor 15,4f 35Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.
Jesus syner seg for læresveinane
(Matt 28,9–10; Mark 16,14; Joh 20,19–20)
36Medan dei tala om dette, stod Jesus midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 37Dei stokk til og vart redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. #Matt 14,26 38Men han sa til dei: «Kvifor er de så redde, og kvifor vaknar det tvil i dykk? 39Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» 40Så synte han dei hendene og føtene sine. 41Då dei endå ikkje kunne tru for glede, men berre undra seg, sa han: «Har de noko etande her?» #Joh 21,5.10 42Dei gav han eit stykke steikt fisk, 43og han tok det og åt medan dei såg på.
Oppgåve og avskil
(Matt 28,16–20; Mark 16,15–19; Joh 20,21–23)
44Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var i lag med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som er skrive om meg i Moselova, hjå profetane og i Salmane.» #24,6f+; 24,27+ 45Så opna han for tankane deira, så dei kunne skjøna skriftene, 46og sa til dei: «Så står det skrive: Kristus skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, #Jes 53; Hos 6,2; Matt 12,40 47og i hans namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag; de skal ta til i Jerusalem. #Apg 1,8; 2,38+ 48De er vitne om dette. #Joh 15,27; Apg 1,8+ 49Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de vert budde med kraft frå det høge.»#Joh 14,16+; Apg 1,4f; 2,1ff
50Så tok han dei med seg ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. 51Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. #Apg 1,9 52Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei attende til Jerusalem i stor glede. #Apg 1,12; Joh 14,28; 16,22 53Sidan var dei allstøtt i templet og lova og prisa Gud.

Currently Selected:

Lukas 24: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy