YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 21

21
Største gåva
(Mark 12,41–44)
1Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista. #Mark 12,41+ 2Då la han merke til ei fattig enkje som la to småmyntar. 3Og han sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre. 4For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt ho hadde å leva av.»
Jesus talar om tidene som skal koma
(21,5–38)
Templet skal øydeleggjast
(Matt 24,1–2; Mark 13,1–2)
5Det var nokre som tala om templet, kor fint det var prydd med fagre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus: 6«Det kjem ein dag då det de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»#19,43f
Trengslene tek til
(Matt 24,3–14; Mark 13,3–13)
7Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?» 8Han svara:
Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg», og: «Tida er nær». Fylg ikkje etter dei! #2 Tim 3,5 9Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skræma! For fyrst må dette henda; men enden kjem ikkje straks. 10Og han heldt fram: Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike; 11det skal koma store jordskjelv, og mange stader hungersnaud og pest, og det skal henda fælslege ting og syna seg store teikn frå himmelen.
12Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk, gje dykk over til domstolen i synagogene og kasta dykk i fengsel; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld. #Matt 24,9+ 13Då skal de få vitna for dei. 14Legg dykk på minne at de ikkje treng tenkja ut føreåt korleis de skal svara for dykk. #12,11 15Eg skal gje dykk ord og visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg for eller seia imot. #Apg 6,10 16Jamvel foreldre og sysken, skyldfolk og vener skal svika dykk og valda nokre av dykk døden. #Matt 10,21f 17Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. 18Men ikkje eit hår på hovudet skal de missa. #12,7; Apg 27,34 19Held de ut, skal de nå fram til livet.
Jerusalem skal øydeleggjast
(Matt 24,15–21; Mark 13,14–19)
20Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart ligg øyde. 21Då må dei som er i Judea, røma til fjells; dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. #17,31 22For straffedomstida er komen, då alt som står skrive, skal oppfyllast. #Hos 9,7 23Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal verta stor naud i landet; vreidedomen skal råka dette folket. #23,29; 1 Kor 7,26 24Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot til dess tida åt folkeslaga er ute.#Jes 63,18; Jer 21,7; Rom 11,25; Op 11,2
Menneskesonen kjem
(Matt 24,29–31; Mark 13,24–27)
25Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. #Matt 24,29+ 26Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. 27Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. #Matt 24,30+ 28Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær.
Lær av fikentreet!
(Matt 24,32–35; Mark 13,28–32)
29Så fortalde han dei ei likning:
Sjå på fikentreet og alle andre tre. 30Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 31Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. #9,27 33Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.#Matt 24,35+; Luk 16,17
Vak og bed!
34Ta dykk i vare, og lat ikkje hjarta dykkar tyngjast av svir og drikk eller verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk #17,27; 1 Tess 5,2ff 35som ei snare. For han skal koma over alle som bur på heile jorda. #Jes 24,17 36Vak kvar tid og stund, og bed om styrke så de kan koma velberga frå alt dette som skal henda, og stå dykk for Menneskesonen.#12,40
37Om dagen var Jesus i templet og lærte folket, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta. #19,47 38Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han i templet og høyrde på han.

Currently Selected:

Lukas 21: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy