YouVersion Logo
Search Icon

Esekiel 3

3
1Han sa til meg: «Menneske, et det du finn her! Et denne bokrullen! Gå så og tal til Israels ætt!» #Op 10,9 2Eg opna munnen, og han lét meg eta bokrullen. 3«Menneske,» sa han. «Metta din mage og fyll dine innvolar med denne bokrullen som eg gjev deg.» Då åt eg, og rullen var søt som honning.
4Så sa han til meg: «Menneske, gå til Israels ætt og tal mine ord til dei! 5Eg sender deg ikkje til eit folk som talar eit uskjøneleg og vanskeleg språk, men til Israel; #Jes 33,19 6ikkje til mange folk som talar uskjønelege og vanskelege språk, så du ikkje forstår kva dei seier. Om eg sende deg til dei, skulle dei sanneleg høyra på deg. 7Men Israels ætt vil ikkje høyra på deg, for dei vil ikkje høyra på meg. For heile Israels-ætta har harde panner og hjarto. 8Sjå, eg gjer andletet ditt og panna di harde som deira. #Jer 1,18; 15,20 9Eg gjer panna di hard som diamant, hardare enn flint. Du skal ikkje vera redd dei og ikkje skjelva når du møter dei, om dei er ei trassig ætt.»#Jer 1,8
10Så sa han til meg: «Menneske, alle dei ord eg talar til deg, skal du ta inn i ditt hjarta, og du skal høyra på dei med dine øyro. 11Gå til dei bortførte av folket ditt, tal til dei og sei: Så seier Herren Gud – anten dei vil høyra eller ikkje.»
12Då kom ånda og lyfte meg opp, og bak meg høyrde eg ei sterk, ljomande røyst: «Lova vere Herrens herlegdom frå hans bustad!» #3,12 ånda[2,2.]#Jes 6,3 13Eg høyrde lyden av skapningane når vengene deira møttest, lyden av hjula attmed dei og ein sterk ljom.
14Ånda lyfte meg opp og tok meg med, og eg fór av stad, beisk og oppøst i hug, og Herrens hand var over meg med styrke. #8,3; Apg 8,39 15Eg kom til dei bortførte i Tel-Aviv, dei som budde attmed Kebar-elva. Og der sat eg hjå dei i sju dagar, reint lamslegen.#3,15 Tel-Aviv, Kebar-elva[1,1.]#1,3; Dan 7,28; 8,27
Profeten skal åtvara dei gudlause
16Då dei sju dagane var lidne, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 17Menneske, eg set deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. #3,17 til vaktmann Sjå 33,1–9.#Jer 1,7 18Dersom du ikkje åtvarar den gudlause når eg seier til han at han skal døy, dersom du ikkje talar til den gudlause og åtvarar han mot hans vonde ferd, så han kan berga livet, då skal han døy for si misgjerning. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 19Men har du åtvara den gudlause, og han likevel ikkje vender om frå si gudløyse og si vonde ferd, då skal han døy for si misgjerning. Men du har berga livet.
20Når ein rettferdig mann vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, då legg eg ein snåvestein i vegen hans; han skal døy. Har du ikkje åtvara han, skal han døy fordi han har synda. Ingen skal minnast dei rettferdige gjerningane han har gjort. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. #18,24; 33,12 21Men har du åtvara den rettferdige og sagt at ein rettferdig mann ikkje må synda, og han så held opp med si synd, då skal han leva, fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet.
Profeten skal verta mållaus
22Herrens hand kom over meg, og han sa til meg: «Stå opp og gå ned i dalen! Der vil eg tala med deg.» #1,3+ 23Då stod eg opp og gjekk ned i dalen. Og der stod Herrens herlegdom, så som eg såg han attmed Kebar-elva. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda. #1,28+ 24Men då kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp på føtene. Han tala med meg og sa til meg: «Gå og steng deg inne i huset ditt! #3,24 steng deg inne symbolsk handling som skal syna at mange judearar kjem til å verta bortførte som fangar. 25Og no, du menneske, skal dei slå tog ikring deg og binda deg fast med dei, så du ikkje kan koma ut mellom folket. 26Eg lèt tunga di hanga fast ved ganen, så du vert mållaus og ikkje kan refsa dei. For ei trassig ætt er dei. #24,27 27Men når eg så talar med deg, vil eg opna munnen din. Då skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Den som vil høyra, han får høyra, men den som ikkje vil, får la det vera. For ei trassig ætt er dei.»

Currently Selected:

Esekiel 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy