YouVersion Logo
Search Icon

Esekiel 2

2
Herren kallar Esekiel til profet
1Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp på føtene, så vil eg tala med deg.» #2,1 Menneske Denne tiltalen, som kjem att ofte (2,3.6; 3,1 osb.), minner om at profeten skil seg frå dei himmelske skapningane med det at han er jordisk og veik.#Dan 10,11 2Med det same han tala til meg, kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp, så eg stod. Og eg høyrde på han som tala til meg.#2,2 ånd her den styrken frå Gud som lyfte og leidde profeten og tala til han. Sml. 3,14.24. #3,24
3Han sa til meg: «Menneske, eg sender deg til israelittane, dette opprørske folket som har reist seg imot meg. Både dei og fedrane deira har vore trulause mot meg heilt til denne dag. 4Til desse menneska med frekk mine og harde hjarto sender eg deg, og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud. #Jes 48,4+ 5Og anten dei vil høyra eller ikkje – for ei trassig ætt er dei – så skal dei skjøna at ein profet har vore midt imellom dei. #3,11.27; 33,33 6Men du, menneske, ver ikkje redd dei, og lat deg ikkje skræma av det dei seier, endå dei er ikring deg som klunger, og du bur mellom skorpionar. Lat deg ikkje skræma av det dei seier, og ver ikkje redd dei! For ei trassig ætt er dei. #3,9 7Du skal tala mine ord til dei anten dei vil høyra eller ikkje; for trassige er dei. 8Men du, menneske, høyr på det eg talar til deg! Ver ikkje trassig som denne ætta! Lat opp munnen og et det eg gjev deg!»
9Då eg såg opp, fekk eg auga på ei hand som var rett ut mot meg, og i den var det ein bokrull. #Op 5,1 10Han breidde ut rullen framføre meg. Det var skrive på han både inni og utanpå. Og det som stod skrive der, var klagesongar, sukkar og verop.

Currently Selected:

Esekiel 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy