YouVersion Logo
Search Icon

Esekiel 4

4
Teikn som varslar Jerusalems fall
1Du menneske, ta ein murstein og legg han framfor deg! På den skal du rita ein by, Jerusalem. #4,1 Den symbolske handlinga i dette kap. skildrar korleis Jerusalem vert kringsett, og den nauda som fylgjer med. 2Du skal kringsetja byen, byggja skansar mot han og kasta opp ein voll ikring han. Lat hærar leira seg rundt byen og set opp stormbukkar mot han på alle kantar! #2 Kong 25,1 3Ta så ei jernplate og set henne som ein jernvegg mellom deg og byen, og vend andletet mot byen! Såleis vert han kringsett, og du går til åtak på han. Det skal vera eit teikn for Israels-ætta.
4Så skal du leggja deg på venstre sida og leggja Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg så, skal du bera skulda deira. 5Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld. 6Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda åt Juda-folket. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne.#4 Mos 14,34
7Vend andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du tala profetord mot byen! 8Sjå, eg bind deg med tog, så du ikkje kan snu deg frå den eine sida til den andre før du er ferdig med dei dagane du skal halda byen kringsett. 9Ta så kveite og bygg, bauner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trog og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette. 10Den maten du dagleg et, skal vega tjue sekel. Til faste tider skal du eta han. 11Vatnet du drikk, skal mæla ein sjettedels hin. Til faste tider skal du drikka det. 12Brødet skal du eta som byggkaker. Du skal steikja det beint framfor augo deira med turka menneskemøk til brensel. 13Såleis skal israelittane eta ureint brød mellom dei folkeslag eg driv dei bort til, sa Herren.
14Eg svara: «Å, Herre Gud, eg har aldri vore urein. Frå min ungdom og heilt til no har eg aldri ete kjøt av sjølvdaude eller ihelrivne dyr. Og ureint offerkjøt har eg ikkje hatt i min munn.» #3 Mos 17,15; Apg 10,14 15Då sa han til meg: «Godt, i staden for menneskemøk lèt eg deg bruka kumøk til å steikja brødet ditt på.»
16Så sa han til meg: Menneske, no bryt eg sund brødstaven i Jerusalem. Med sut skal dei eta brød etter vekt, og med redsle skal dei drikka vatn etter mål. #4,16 brødstaven[3 Mos 26,26.]#Jes 3,1; Esek 5,16.17; 14,13 17Ja, dei skal sleppa opp for brød og vatn. Både den eine og den andre skal verta forstøkt og forgå på grunn av si synd og skuld.

Currently Selected:

Esekiel 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy