YouVersion Logo
Search Icon

Efesarane 5

5
1Ha Gud til førebilete, de som er hans kjære born. #Matt 5,45.48 2Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, Gud til ein hugnadleg ange. #Joh 13,34; Hebr 10,10; 2 Mos 29,18 3Hor, alle slag ureinskap og havesykje må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje for kristne. #Rom 1,29ff+ 4Rått snakk, dumt prat og grovt skjemt er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk! #4,29 5For det skal de vita at ingen som driv hor eller lever i umoral, skal få vera med i Guds og Kristi rike, heller ikkje den som er havesjuk, for han er ein avgudsdyrkar. #1 Kor 6,9f; Kol 3,5 6Lat ingen narra dykk med tome ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. #Kol 2,4.8 7Ha ikkje noko sams med dei!
Born av ljoset
8Ein gong var de sjølve mørker, men no – i Herren – er de ljos. Lev då som born av ljoset! #Matt 5,14; Luk 16,8; Kol 1,13; 1 Tess 5,4ff; 1 Pet 2,9 9For fruktene av ljoset er godleik, rettferd og sanning. #Gal 5,22 10Prøv då kva som er til hugnad for Herren! #Rom 12,2 11Ver ikkje med på dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei er utan frukt; refs heller. #Rom 13,12 12Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna. 13Men alt kjem for dagen når ljoset får avsløra det, #Joh 3,20f 14og alt som kjem for dagen, er ljos. Difor heiter det:#Jes 26,19; 60,1
Vakna, du som søv,
stå opp frå dei døde,
og Kristus skal lysa for deg.
15Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke, 16så de kjøper den laglege tida, for dagane er vonde. #Am 5,13; Kol 4,5 17Ver ikkje uvituge, men skjøna kva det er Herren vil. #Rom 12,2 18Drikk dykk ikkje fulle av vin; det fører til ageløyse. Men vert fylte av Anden, #Ordt 23,31; Luk 21,34 19og lat salmar og hymner og åndelege songar lyda mellom dykk; syng og spel av hjarta for Herren! #Sal 33,2f ; Kol 3,16f 20Takk alltid Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn!#1 Tess 5,18
Heim og huslyd
21Ver kvarandre underordna i age for Kristus. #1 Pet 5,5 22Dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv. #1 Kor 14,34+; Kol 3,18–4,1; 1 Pet 2,18–3,7 23For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for lekamen sin. #1 Kor 11,3; Ef 4,15f 24Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.
25De menn skal elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, #Joh 3,29+; Kol 3,19; 1 Pet 3,7 26så han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord. #Tit 3,5+ 27På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan flekk eller rukke eller noko slikt; heilag og lytelaus skulle ho vera. #Kol 1,22 28På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen lekam. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. 29Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, tvert om gjev han kroppen næring og tek seg av han på same måten som Kristus gjer med kyrkja. 30For vi er lemer på hans lekam. #1 Kor 12,27+ 31Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt. #1 Mos 2,24; Matt 19,5 32Dette er eit stort mysterium; no tenkjer eg på Kristus og kyrkja. 33Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha age for mannen sin.

Currently Selected:

Efesarane 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy