YouVersion Logo
Search Icon

Efesarane 4

4
Einskapen i kyrkja
1Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. #3,1+ 2Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. #Kol 3,12f 3Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: #Kol 3,14f 4Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, #Rom 12,5; 1 Kor 12,12ff 5ein Herre, ei tru, ein dåp, #1 Kor 8,6 6ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.#1 Kor 12,6
7Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. #1 Kor 12,4ff+ 8Difor står det:#Sal 68,19
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar;
han gav menneska gåver.
9Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? #Joh 3,13 10Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. #1 Kor 12,28 12På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, #2 Tim 3,17 13til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.#3,18f
14Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. #1 Kor 14,20; Hebr 5,13; 13,9 15Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. #1,22f; 5,23 16Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.#1 Kor 12,12+; Kol 2,19
Det gamle og det nye mennesket
17Så bed eg dykk inntrengjande i Herrens namn: Lev ikkje lenger som heidningane! Tankane deira er tome, #Rom 1,18ff 18vitet deira formørkt, og dei er framande for livet i Gud. For hjarto deira har vorte forherda, så dei ikkje kjenner han. #2,12; Kol 1,21 19Dei er utan skamkjensle og har kasta seg ut i sedløyse, dei lever i allslags umoral og jagar etter pengar. 20Men det er ikkje på den måten de har lært Kristus å kjenna! 21De har då høyrt om han og fått opplæring om han etter den sanning som er i Jesus. 22De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. #Rom 6,6 ; Kol 3,9f 23De må fornyast i sjel og sinn 24og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.#Rom 6,4; 2 Kor 5,17
25Legg difor av lygna og tal sanning, kvar med sin neste! Vi er då lemer som høyrer kvarandre til. #Sak 8,16; Kol 3,8f 26Vert de harme, så synda ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar! #Sal 4,5; Jak 1,19f 27Lat ikkje djevelen sleppa til! 28Den som stal, skal ikkje stela lenger, men arbeida og gjera noko nyttig med hendene sine, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.#Apg 20,34f; 1 Tess 4,11
29Ingen roten tale må koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan verta til velsigning for dei som høyrer på. #Matt 15,11; Kol 3,8.16; 4,6 30Gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, for Anden er det seglet de ber til utløysingsdagen. #Jes 63,10; 2 Kor 1,22+ 31Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap. #Kol 3,8 32Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.#Matt 6,14; Kol 3,12f

Currently Selected:

Efesarane 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy