YouVersion Logo
Search Icon

Efesarane 6

6
1De born skal vera lydige mot foreldra dykkar for Herrens skuld, for det er rett. #Kol 3,20 2Æra far din og mor di, dette er det fyrste bodet med lovnad: #2 Mos 20,12; Mark 7,10ff 3så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet. 4De fedrar, vekk ikkje sinne og trass hjå borna, men gjev dei den oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje.#5 Mos 6,7; Ordt 22,6
5De trælar skal vera lydige mot dykkar jordiske herrar, med otte og age og av eit ærleg hjarta som mot Kristus sjølv. #Kol 3,22; 1 Tim 6,1; Tit 2,9f; 1 Pet 2,18 6Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar som heilhjarta gjer Guds vilje. #1 Kor 7,22 7Ver ihuga i tenesta, som var det for Herren og ikkje for menneske. 8De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller træl. #2 Kor 5,10 9Det same skal de herrar gjera mot trælane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk.#Kol 4,1; Rom 2,11+
Guds fulle rustning
10Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! #1 Kor 16,13 11Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. #Rom 13,12; 2 Kor 6,7; 10,4 12For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. #2,2; 1 Pet 5,8 13Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, #Jes 11,5; 59,17; 1 Tess 5,8 15og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. #Jes 52,7; Ef 2,17 16Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. #1 Joh 5,4 17Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. #1 Tess 5,8; Hebr 4,12 18Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. #Luk 18,1+; Jud 20 19Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, #Rom 15,30; Ef 3,3f 20som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.#2 Kor 5,20
Sluttord
21For at de òg skal få vita korleis eg har det og korleis det står til med meg, skal Tykikus fortelja dykk alt. Han er vår kjære bror og ein trufast Herrens tenar. #Apg 20,4; Kol 4,7; 2 Tim 4,12; Tit 3,12 22Eg sender han til dykk nett for at de skal få høyra korleis vi har det, og for at han skal gje dykk nytt mot.
23Fred vere med brørne, og kjærleik og tru frå Gud, Faderen, og frå Herren Jesus Kristus! 24Nåde og uforgjengeleg liv vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus!#1 Pet 1,8

Currently Selected:

Efesarane 6: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy