YouVersion Logo
Search Icon

Efesarane 3

3
Paulus, apostel for heidningane
1Difor bøyer eg mine kne, eg, Paulus, som no er Jesu Kristi fange for dykkar skuld, de heidningar. #4,1; Fil 1,7.13; Kol 4,18; Filem 1.9 2De har høyrt om den nåden Gud har gjeve meg, at eg skal vera ein hushaldar hjå dykk over den løyndomen #Apg 9,15+; 1 Kor 4,1; Kol 1,25 3som vart kunngjord for meg i ei openberring. Dette har eg med nokre få ord skrive om ovanfor. #Matt 13,11+ 4Og når de les det, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi løyndom. 5I farne ætter fekk ikkje menneska vita om denne løyndomen, men no har han ved Anden vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: 6at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet. #2,12ff 7Og eg vart ein tenar for evangeliet då Gud greip inn med si kraft og gav meg si nådegåve. 8Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom #Apg 22,21+; 1 Kor 15,8f 9og føra Guds frelsesplan fram i ljoset, den løyndomen som frå evig tid har vore løynd hjå Gud, han som skapte alt. #Rom 16,25; Ef 1,9f 10Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda. #1 Pet 1,12 11Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre. 12I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit. #Rom 5,2; Hebr 4,16; 10,19 13Difor bed eg dykk: Miss ikkje motet om eg lyt lida for dykkar skuld. Det er ei ære for dykk!#Kol 1,24+
Bøn om styrke og skjøn
14Difor bøyer eg mine kne for Faderen, #3,1 15han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, #2 Kor 4,16; Kol 1,11 17så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. #Joh 14,23 18Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, #Kol 2,2f 19ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, #Fil 2,13; Kol 1,29 21han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.#Rom 16,27+

Currently Selected:

Efesarane 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy