YouVersion Logo
Search Icon

Efesarane 2

2
Frå død til liv
1De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. #Luk 15,24; Kol 2,13 2De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige. #2,2 hovdingen i himmelrømda djevelen. Sjå 6,12.#Joh 12,31; Ef 6,12 3Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre.#Rom 1,18; Kol 3,6
4Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, #Rom 5,8 5gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. #Joh 5,21; Rom 6,3ff; Kol 2,13 6I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. #1,7 8For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. #Rom 1,16f; Gal 2,16 9Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. #1 Kor 1,29 10For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.#Tit 2,14
Kristus sameinar heidningar og jødar
11De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. #5,8 12Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. #Apg 2,39+; 1 Tess 4,13 13Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. #2,14 det gjerdet som skilde I templet i Jerusalem var det ein mur mellom føregarden åt heidningane og det indre tempelområdet.#Jes 9,6; Luk 2,14; Kol 1,20 15Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. #2 Kor 5,17; Kol 2,14 16I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. #2 Kor 5,18; Kol 1,20.22 17Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. #Jes 57,19 18Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. #Rom 5,2+ 19Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. #Matt 16,18; 21,42+ 21Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, #1 Kor 3,16+; 1 Tim 3,15 22og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Currently Selected:

Efesarane 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy