YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 4

4
Framgang i heilagt liv og kjærleik
1Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! #Fil 4,9; 2 Tess 2,15; 3,6 2De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, #1 Kor 6,13.15; 7,2 5ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. #Sal 79,6 6Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. #2 Tess 2,13f 8Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.#Esek 36,27; Luk 10,16
9Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. #Jes 54,13; Jer 31,33f; Joh 13,34 10Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. #Hebr 13,1+ 11De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. #1 Tim 2,2; 2 Tess 3,6ff 12Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.#Kol 4,5
Når Herren kjem
13Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dei som er avsovna; for de skal ikkje syrgja som dei andre, dei som er utan von. #Ef 2,12 14For så sant vi trur at Jesus døydde og stod opp, så skal òg Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han. #1 Kor 15,12ff 15Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som no lever og vert att til dess Herren kjem, skal ikkje koma i førevegen for dei som er avsovna. #1 Kor 15,23 16For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen. Og dei som døydde i trua på Kristus, skal fyrst stå opp. #Matt 24,31+; 1 Kor 15,52 17Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. #Joh 14,3; 17,24 18Trøysta kvarandre med desse orda!

Currently Selected:

1. Tessalonikar 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy