YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 5

5
1Men om tider og timar treng vi ikkje skriva til dykk, brør. #Matt 24,36; Apg 1,7 2For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta. #Matt 24,43+ 3Når dei seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda. Og dei skal ikkje sleppa unna. #Jer 6,14 4Men de, brør, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv. #Ef 5,8+ 5For de er alle born av ljoset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til. #Rom 13,12f 6Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue! #Luk 21,36; Ef 5,14 7For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg drukne, gjer det om natta. 8Men vi som høyrer dagen til, lat oss vera vakne, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm. #Jes 59,17; Ef 6,11ff 9For Gud har ikkje etla oss til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus. #1,10 10Han døydde for oss, så vi, anten vi vaker eller søv, skal leva saman med han. #Rom 14,8f; 1 Tess 4,14 11Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.#Jud 20
Livet i kyrkjelyden
12Vi bed dykk, brør, at de må skjøna på dei som arbeider mellom dykk, dei som er dykkar forstandarar i Herren og rettleier dykk. #1 Kor 16,16.18; 1 Tim 5,17 13De skal elska dei og setja dei overlag høgt på grunn av den gjerning dei har. Hald fred med kvarandre!#Rom 12,18
14Vi legg dykk på hjarta, brør: Tal til rettes dei som lever eit vørdlaust liv, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver langmodige mot alle! #2 Tess 3,6ff; Rom 14,1; 15,1 15Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men legg vinn på å gjera godt mot kvarandre, ja, mot alle!#Ordt 20,22; Matt 5,39ff+
16Ver alltid glade! #Fil 3,1; 4,4 17Bed uavlatande! #Luk 18,1+ 18Takka Gud, kva som enn møter dykk! For det er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.#Ef 5,20
19Sløkk ikkje ut Anden! 20Vanvørd ikkje profetord, #1 Kor 14,1.39 21men prøv alt, og hald fast på det gode! #1 Kor 14,29; 1 Joh 4,1 22Hald dykk frå vondskap av alle slag!#Job 1,1.8; 2,3
23Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og lekam må haldast uskadde, så de kan vera ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem! #1 Kor 1,8; 2 Tess 3,16 24Han som kallar dykk, er trufast; han skal gjera det.#1 Kor 10,13; Fil 1,6; 2 Tess 3,3
Sluttord
25Brør, bed for oss! #2 Tess 3,1 26Helsa alle brørne med ein heilag kyss! #Rom 16,16+ 27Eg byd dykk ved Herren at dette brevet vert opplese for alle brørne.#Kol 4,16
28Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!

Currently Selected:

1. Tessalonikar 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy