YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 3

3
1Då vi ikkje kunne halda dette ut lenger, sette vi oss føre å vera åleine att i Aten, #Apg 17,15 2og vi sende Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk, #1 Tim 1,2+ 3så ingen skulle vera ustø i desse trengslene. De veit då sjølve at det er oss pålagt. #2 Tim 3,12 4Då vi var hjå dykk, sa vi dykk føreåt at vi kom til å få trengsler. Såleis gjekk det òg, som de veit. #Apg 14,22 5Og då eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad. Eg måtte vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greitt å freista dykk, så arbeidet vårt var nyttelaust. #Fil 2,16 6Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med ein god bodskap om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid har oss i venleg minne og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk. #Apg 18,5 7Så vart vi då, brør, trøysta ved dykkar tru i all vår naud og trengsle. 8Og no lever vi, for de står faste i Herren. 9Korleis kan vi så takka Gud for dykk som vi burde, takka for all den gleda som fyller oss for Guds åsyn, og som de har gjeve oss? 10Natt og dag bed vi inderleg om å få sjå dykk att, og bøta på det som enno vantar i dykkar tru. #2,17 11Måtte Gud, vår Far, og Jesus, vår Herre, styra vår veg til dykk! 12Og måtte Herren gje dykk meir og meir kjærleik til kvarandre og til alle, som vi òg har kjærleik til dykk! #4,10; 2 Tess 1,3 13Så skal han styrkja hjarto dykkar, og de skal stå ulastande og heilage for Gud, vår Far, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage.#3,13 alle sine heilage her englane.#1 Kor 1,8; Fil 1,10; 2 Tess 1,7.10

Currently Selected:

1. Tessalonikar 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy