YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 48

48
Eg forkynner noko nytt
1 # Jer 4,2 Høyr dette, Jakobs hus,
de som blir kalla med Israels namn
og er komne frå Judas kjelde,
de som sver ved Herrens namn
og kallar på Israels Gud,
men ikkje i sanning og rettferd!
2 # Mi 3,11 Dei kallar seg etter den heilage byen
og støttar seg til Israels Gud.
Herren over hærskarane er hans namn.
3 # 46,9f Dei første ting har eg fortalt frå før.
Frå min munn gjekk det ut, eg forkynte det.
Brått handla eg, og det hende.
4 # 2 Mos 32,9; Jer 6,28; 7,26; Esek 3,7; Apg 7,51 For eg veit at du er hard,
med sener av jern i nakken
og panne av bronse.
5Difor har eg fortalt det frå før,
late deg få høyra det før det hende,
så du ikkje skulle seia:
«Gudebiletet mitt har gjort det,
biletet eg har skore ut og støypt,
har kravd det.»
6Du har høyrt det, sjå no alt saman!
Kan ikkje de fortelja det?
Frå no av lèt eg deg få høyra noko nytt,
løynde ting som du ikkje veit om.
7No blir dei skapte, ikkje før.
Du har ikkje høyrt om dei før i dag,
så du ikkje skulle seia:
«Sjå, eg visste det!»
8Du korkje høyrde eller visste det frå før,
øyret ditt var ikkje ope for det.
For eg veit kor trulaus du er,
frå du var i mors liv
vart du kalla ein syndar.
9For mitt namn skuld held eg att harmen min,
for mi ære skuld legg eg band på meg
og utryddar deg ikkje.
10 # Sal 12,7; 66,10ff; 1 Pet 1,7 Sjå, eg har reinsa deg, men ikkje som sølv,
eg har prøvd deg i lidings smelteomn.
11 # 4 Mos 14,15f; 5 Mos 9,28; Jes 42,8 For mi skuld,
for mi skuld handlar eg,
elles ville eg bli vanæra!
Mi ære gjev eg ikkje til nokon annan.
12 # 5 Mos 32,39; Jes 41,4+ Høyr på meg, Jakob,
du Israel, som eg har kalla!
Eg er Han.
Eg er den første,
eg er òg den siste.
13 # Sal 33,9; Jes 40,12.28; 44,24 Ja, mi hand har grunnlagt jorda,
mi høgre hand har breidd himmelen ut.
Eg kalla dei fram, og saman stod dei der.
14 # 48,14 Han som Herren elskar persarkongen Kyros. >45,1. Kom saman, alle, og høyr!
Kven blant dei har fortalt dette?
Han som Herren elskar,
skal utføra hans vilje med Babel,
hans arm er over kaldearane.
15Eg, eg har tala og kalla han,
eg har sendt han
og lèt han lukkast på vegen.
16 # 45,19; Joh 18,20 Kom hit til meg og høyr dette:
Frå opphavs tid har eg aldri tala i det løynde,
heilt frå det hende, var eg der.
«No har Herren Gud
sendt meg og sin Ande.»
17 # Sal 25,12; 32,8; Jes 41,14 Så seier Herren,
som løyser deg ut,
Israels Heilage:
Eg er Herren, din Gud,
som lærer deg kva som hjelper,
og fører deg på vegen du skal gå.
18Ville du berre høyra på mine bod!
Då vart freden din som elva,
rettferda di som havsens bølgjer.
19 # 1 Mos 22,17; 28,14; 32,12 Då vart ætta di som sanden,
etterkomarane dine som sandkorn,
dei vart ikkje utrydda
og namnet ikkje utsletta hos meg.
Heim frå Babel
20 # 52,11; Jer 50,8; 51,6.45; Sak 2,11; Op 18,4 Dra ut frå Babel, dra bort frå Kaldea!
Fortel med jubelrop, lat det høyrast,
bring det ut til enden av jorda. Sei:
Herren har løyst ut sin tenar Jakob.
21 # 2 Mos 17,6; 4 Mos 20,11; 5 Mos 8,15; Sal 78,15f; 105,41; 114,8; 1 Kor 10,4 Dei tørsta ikkje når han førte dei på aude stader,
vatn frå berget lèt han strøyma fram for dei,
han kløyvde fjellet, og vatnet fløymde ut.
22 # 57,21; Jer 16,5 Dei urettferdige har ingen fred, seier Herren.

Currently Selected:

Jesaja 48: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy