YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 47

47
Spottevise om Babel
1 # Sal 137,8; Jer 13,18 Stig ned, jomfru,
set deg i støvet, dotter Babel!
Set deg på bakken utan trone,
du kaldear-dotter.
For du skal ikkje lenger kallast
den fine og bortskjemde.
2 # Dom 16,21 Ta handkverna og mal mjøl!
Ta sløret bort, lyft slepet opp,
blott låra, vad over elvar!
3 # Esek 16,37; 23,29; Hos 2,10; Nah 3,5 Dei skal blotta den nakne kroppen din,
di vanære skal bli synleg.
Eg tek hemn og skånar ingen.
4 # 41,14 Han som løyser oss ut,
Herren over hærskarane er hans namn,
Israels heilage.
5Sit i stille,
gå inn i mørkret,
du kaldear-dotter!
For du skal ikkje lenger kallast
dronning over kongerike.
6 # Sal 60,3; 74,1.7; Klag 2,1f Eg vart harm på mitt folk
og vanæra eigedomen min.
Eg overgav dei i dine hender.
Du hadde ikkje miskunn med dei.
På den gamle la du ditt tunge åk.
7 # Op 18,7f Du sa: «For all tid skal eg vera evig dronning.»
Du tenkte ikkje over
korleis dette skulle enda.
8Og no, høyr dette,
du som lever i overflod,
som sit så trygg,
som seier i hjartet ditt:
«Eg og ingen annan!
Eg skal ikkje sitja som enkje
eller mista born.»
9 # Op 18,23 Men begge delar skal koma over deg,
brått, på ein einaste dag.
Barnløyse og enkjestand
skal koma over deg i fullt mål
trass i dei mange trolldomskunstene dine
og den kraftige maninga di.
10Du var trygg i vondskapen din.
Du sa: «Ingen ser meg.»
Din visdom og kunnskap førte deg vill,
så du sa i hjartet:
«Eg og ingen annan!»
11Det vonde skal koma over deg,
det kan du ikkje trylla bort.
Ulukke skal falla over deg,
du kan ikkje sona deg frå henne.
Brått kjem øydelegginga over deg,
du veit ikkje om henne.
12Kom no med di maning
og alle trolldomskunstene dine
som du har slite med frå du var ung.
Kanskje kan du få hjelp,
kanskje kan du skremma ulukka bort?
13 # Dan 2,2; 4,6f Du er trøytt av mange slags råd.
No får dei koma og frelsa deg,
dei som deler inn himmelen,
granskar stjernene
og månad for månad varslar
kva som skal henda deg.
14Sjå, dei blir som halm,
elden brenner dei opp.
Dei kan ikkje berga livet
frå logane.
Dette er ikkje glør til å verma seg ved,
bål til å sitja framføre!
15Slik går det med trollmennene
som du har slite for
frå du var ung.
Dei vinglar kvar til sin kant,
det er ingen som frelser deg.

Currently Selected:

Jesaja 47: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy