YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 49

49
Herrens tenar vitnar om kallet sitt
1 # Jer 1,5; Luk 1,30ff Høyr på meg, de kystar,
lytt, de folk frå det fjerne!
Herren kalla meg før eg vart fødd,
frå eg var i mors liv, har han hugsa namnet mitt.
2 # 51,16; Hebr 4,12; Op 1,16; 19,15 Han gjorde munnen min til eit kvast sverd,
i skuggen av si hand løynde han meg.
Han gjorde meg til ei spiss pil,
i koggeret sitt gøymde han meg.
3 # 42,1; Joh 17,4 Han sa til meg:
«Du er min tenar, Israel,
på deg vil eg syna min herlegdom.»
4 # Joh 17,5; Fil 2,8–11 Men eg sa:
«Fåfengt har eg streva,
på vind og ingenting
har eg brukt all mi kraft.
Min rett er likevel hos Herren,
mi løn er hos min Gud.»
5«Og no», seier Herren,
som frå eg var i mors liv
har forma meg til sin tenar
for å føra Jakob tilbake til han
så Israel kan samlast hos han
– eg er æra i Herrens auge,
min Gud er min styrke –
6 # 42,6; 45,22; Apg 13,47 han seier:
«Det er for lite at du er min tenar
som skal reisa opp att Jakobs stammar
og føra tilbake dei som er att av Israel.
Eg gjer deg til lys for folkeslag
så mi frelse kan nå til enden av jorda.»
Heim frå fangenskapet
7 # 43,14; 53,3; 60,10 Så seier Herren, Den heilage,
som løyser Israel ut,
til han som er forakta, forkasta av folkeslag,
slave under herskarar:
Kongar skal sjå og reisa seg,
fyrstar skal sjå og kasta seg ned,
for Herren er trufast, Israels Heilage.
Han har valt deg ut.
8 # 42,6; 2 Kor 6,2 Så seier Herren:
I nådens tid svarar eg deg,
på dagen for frelsa hjelper eg deg.
Eg har forma deg
og gjort deg til ei pakt for folket
for å reisa landet opp att
og skifta ut eigedomar som ligg aude,
9 # 61,1 for å seia til fangar: «Gå ut!»
og til dei som er i mørkret: «Kom fram!»
Dei skal beita langs vegane
og finna beite på alle snaue høgder.
10 # Sal 23,2; 121,6; Op 7,16f Dei skal ikkje svelta og ikkje tørsta,
hete og sol skal ikkje råka dei.
For han som viser miskunn, skal føra dei
og leia dei til kjelder med vatn.
11Eg gjer alle fjella mine til veg,
vegane mine skal byggjast høgare.
12 # 43,6+; 60,4 # 49,12 Sinim-landet kanskje Syene eller Assuan langt sør i Egypt. Sjå, frå det fjerne kjem dei,
somme frå nord og frå vest
og somme frå Sinim-landet.
13 # Sal 96,11ff; Jes 44,23 Jubla, du himmel, og gled deg, du jord,
bryt ut i jubel, de fjell!
For Herren trøystar sitt folk
og viser miskunn mot sine hjelpelause.
Herren gløymer ikkje Sion
14 # Sal 13,2; 42,10; Jes 60,15; 62,4; Jer 8,19ff Sion seier: «Herren har forlate meg,
Herren har gløymt meg.»
15 # 1 Kong 3,26; Sal 9,13; Jer 31,20 Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn,
ei omsorgsfull mor det barnet ho bar?
Sjølv om dei skulle gløyma,
skal ikkje eg gløyma deg.
16Sjå, eg har teikna deg i hendene mine,
murane dine er alltid framfor meg.
17Dei som skal byggja deg, kjem springande,
dei som la deg i ruinar og grus, dreg bort frå deg.
18 # 60,4 Lyft auga og sjå deg ikring!
Alle samlar seg og kjem til deg.
Så sant eg lever,
seier Herren:
Du skal ta dei alle på deg som eit smykke,
som ei brur skal du binda dei om deg.
19Ja, dine ruinar og aude stader
og landet som ligg i grus,
no blir det for trongt for dei som bur der.
Langt borte er dei som vil sluka deg.
20 # 54,1ff Endå ein gong skal øyret ditt høyra
at borna du fekk i di barnløyse, seier:
«Denne staden er trong for meg.
Gjev plass, så eg kan bu her!»
21Då skal du seia i hjartet ditt:
«Kven har fødd meg desse?
Eg var barnlaus og ikkje fruktbar,
landlyst og fordriven.
Kven har fostra desse?
Sjå, eg var forlaten og åleine.
Kvar kjem desse frå?»
22 # 13,2; 18,3; 62,10 Så seier Herren Gud:
Sjå, eg lyfter handa for folkeslag
og reiser mitt banner for folka.
Dei kjem med sønene dine på armen,
og døtrene dine ber dei på skuldrene.
23 # Sal 25,3; 72,9; Jes 60,14; Mi 7,17 Kongar skal vera fosterfedrar for deg
og dronningar ammene dine.
Dei skal kasta seg ned for deg
med andletet mot jorda
og slikka støvet for føtene dine.
Då skal du kjenna at eg er Herren.
Dei som set si von til meg,
skal ikkje bli til skamme.
24Kan byttet takast frå ein krigar,
kan fangar bergast frå ein valdsmann?
25 # Sal 35,1; Jer 31,11; Luk 11,22 Ja, så seier Herren:
Fangar skal takast frå krigaren,
og byttet skal bergast frå valdsmannen.
Eg vil strida mot dei som strider mot deg,
og borna dine vil eg frelsa.
26 # 37,20; 60,16 Dei som var harde mot deg,
lèt eg eta sitt eige kjøt
og rusa seg på sitt eige blod som på druesaft.
Og alle menneske skal kjenna
at eg er Herren, som frelser deg,
Jakobs Mektige, som løyser deg ut.

Currently Selected:

Jesaja 49: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy