YouVersion Logo
Search Icon

2. Kongebok 7

7
Aramearane rømmer frå Samaria
1 # 7,1 ein sea ca. 12 l. Då sa Elisja: «Høyr Herrens ord! Så seier Herren: I morgon på denne tid ved byporten i Samaria skal ein sea fint mjøl seljast for ein sjekel og to sea byggmjøl seljast for ein sjekel.» 2Men våpenberaren som kongen støtta seg til, tok til orde og sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker i himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Elisja svara: «Du skal få sjå det med eigne auge, men du får ikkje eta av mjølet.»
3 # 3 Mos 13,46 No sat det ved byporten fire menn som leid av hudsjukdom. Dei sa til kvarandre: «Kvifor skal vi bli sitjande her til vi døyr? 4Seier vi at vi vil gå inn i byen, kjem vi til å døy. For der er det hungersnaud. Blir vi sitjande her, kjem vi òg til å døy. Kom, no går vi over til leiren til aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, må vi døy.» 5I skumringa braut dei opp og gjekk til aramearleiren. Men då dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der. 6#19,7Herren hadde late aramearane få høyra larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei til kvarandre: «Du skal sjå at Israels konge har leigd hetittkongane og egyptarkongane for å overfalla oss!» 7Så braut dei opp og flykta i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren slik han låg, og flykta for å berga livet.
8Då desse mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei att og gjekk inn i eit anna telt. Dei tok med seg det som var der òg, og gjekk bort og gøymde det. 9Men så sa dei til kvarandre: «Det er ikkje rett, det vi no gjer. Dette er dagen for gode nyhende. Teier vi og ventar til det lysnar i morgon, fører vi skuld over oss. Kom, lat oss gå og fortelja dette i kongeborga!»
10Så gjekk dei og ropa på vakta i byporten. «Vi kom til aramearleiren», fortalde dei, «og der var det ingen å sjå og ingen å høyra. Men hestane og esla stod bundne, og telta var som dei plar vera.» 11Portvaktene ropa dette vidare, og det vart meldt i kongeborga.
12Kongen stod opp midt på natta og sa til mennene sine: «Eg vil fortelja dykk kva aramearane har gjort mot oss. Dei veit at vi svelt. Difor har dei teke av stad frå leiren og gøymt seg ute på marka. Dei tenkjer som så: Når israelittane går ut av byen, tek vi dei levande, og så kan vi trengja inn i byen.» 13Men ein av mennene til kongen svara: «Lat nokon ta fem av dei hestane som enno er att i byen. Vi sender dei av stad, så får vi sjå. Det kan ikkje gå dei verre enn alle israelittane som er att i byen, eller alle israelittane som har sett livet til.» 14Så henta dei to ryttarar, og kongen sende dei ut etter aramearhæren. «Ri i veg og sjå etter», sa han. 15Dei følgde etter aramearane heilt til Jordan, og heile vegen låg det fullt av klede og anna utstyr som aramearane hadde kasta frå seg då dei flykta. Sendeboda kom att og melde dette til kongen.
16Då drog folket ut og plyndra aramearleiren. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Ein sea fint mjøl vart seld for ein sjekel og to sea byggmjøl for ein sjekel. 17#7,2 Kongen hadde sett våpenberaren som var hans beste støtte, til å ha oppsyn med byporten. Men folket trakka han i hel i porten. Det gjekk som gudsmannen hadde sagt den gongen kongen kom til han. 18Då sa han jo til kongen: «I morgon på denne tid ved byporten i Samaria skal to sea byggmjøl seljast for ein sjekel og ein sea fint mjøl seljast for ein sjekel.» 19Då tok kongens våpenberar til orde og sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker i himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Men gudsmannen svara: «Du skal få sjå det med eigne auge, men du får ikkje eta av mjølet.» 20Og slik gjekk det altså med han. Folkemengda trampa han i hel i byporten.

Currently Selected:

2. Kongebok 7: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy