2. Kongebok 8
N11NN
8
Kvinna frå Sjunem får råd og hjelp
1 # 4,35 Ein dag sa Elisja til mor åt den guten han hadde vekt til live: «Bryt opp og dra bort, du og ditt hus! Slå deg ned der du kan. For Herren har kalla på hungersnauda. No kjem ho over landet i sju år.» 2#Rut 1,1 Kvinna braut opp og gjorde som gudsmannen sa: Ho drog av stad med heile sitt hus, og i sju år budde ho i filistarlandet.
3Då sju år var gått, kom kvinna tilbake frå filistarlandet. Ho gjekk til kongen og trygla om å få att huset sitt og jorda si. 4Kongen tala nett med Gehasi, tenaren til gudsmannen, og bad han fortelja om alt det store Elisja hadde gjort. 5Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt den døde guten til live, kom mor til guten. Ho trygla kongen om å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kvinna, og dette er son hennar, som Elisja vekte opp.» 6Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han henne ein av hoffmennene sine og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet og til no.»
Elisja og Hasael i Damaskus
7Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Ben-Hadad, aramearkongen, låg sjuk. Då det vart meldt kongen at gudsmannen var komen, 8#8,8 Hasael ein av Ben-Hadads embetsmenn. Han vart sidan konge, v. 15. Jf. 1 Kong 19,15ff. sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Gjennom han skal du spørja Herren om eg kjem til å overleva denne sjukdomen!» 9Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera.
Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, aramearkongen Ben-Hadad, har sendt meg til deg for å spørja om han kjem til å overleva den sjukdomen han har.» 10Elisja svara: «Gå og sei til kongen: Du skal få leva! Men Herren har late meg sjå at han skal døy.» 11#Jer 14,17; Luk 19,41 Gudsmannen stirte framfor seg. Andletet stivna. Og så brast han i gråt. 12#10,32ff; Jes 13,16.18; Hos 14,1; Am 1,3f.13; 4,10 «Kvifor græt du, min herre?» spurde Hasael. Elisja svara: «Fordi eg veit at du vil gjera vondt mot israelittane. Du vil setja eld på festningsbyane deira, drepa dei unge mennene deira med sverd, knusa småborna deira og skjera opp kvinner som er med barn.» 13Hasael sa: «Korleis skulle tenaren din, ein hund som eg, gjera så store ting?» Elisja svara: «Herren har late meg sjå deg som konge over aramearane.»
14Så skildest Hasael frå Elisja og gjekk heim til herren sin. «Kva sa Elisja til deg?» spurde kongen. Hasael svara: «Han sa at du kjem til å overleva.» 15Men dagen etter tok Hasael eit klede, dyppa det i vatn og pressa det mot andletet til kongen, og han døydde. Og Hasael vart konge etter han.
Kongane Joram og Ahasja i Juda
16 # 2 Krøn 21,1ff # 8,16 medan far hans endå styrte Det vil seia at far og son var kongar samtidig nokre år. I det femte året Joram, son til Ahab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda medan far hans endå styrte der. 17Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. 18#16,3 I si ferd var han som dei andre kongane i Israel. Han levde slik som Ahabs hus hadde gjort, for han var gift med ei dotter til Ahab. Og han gjorde det som vondt var i Herrens auge. 19#2 Sam 7,12ff; 1 Kong 11,36; 15,4 Men for sin tenar Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda, for han hadde lova David at ei lampe alltid skulle lysa for etterkomarane hans.
20 # 2 Krøn 21,8ff I Jorams tid gjorde Edom opprør mot Juda og tok seg ein konge. 21Då rykte Joram ut mot Sa'ir med alle stridsvognene sine. Han braut opp om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og kommandantane for stridsvognene. Men folket flykta til telta sine. 22#8,22 Libna by ca. 40 km frå Jerusalem. Byen høyrde til levittane (Jos 21,13), men kom under herredømet til filistrane. Etter opprøret har Edom vore skilt frå Juda til denne dag. På same tid gjorde Libna opprør.
23 # 2 Krøn 21,20 Det som elles er å seia om Joram og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 24#2 Krøn 22,1ff Så gjekk Joram til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd hos dei i Davidsbyen. Son hans, Ahasja, vart konge etter han.
25 # 9,29 I det tolvte året Joram, son til Ahab, var konge i Israel, vart Ahasja, son til Joram, konge i Juda. 26Ahasja var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Israels-kongen Omri. 27I si ferd var Ahasja som kongane av Ahabs hus. Liksom dei gjorde han det som vondt var i Herrens auge, for han var knytt til Ahab-ætta ved giftarmål.
28 # 9,14ff Saman med Joram, son til Ahab, gjekk Ahasja til krig mot aramearkongen Hasael ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane. 29Då vende kong Joram attende til Jisreel for å få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han ved Rama i kampen med kong Hasael. Og Juda-kongen Ahasja, son til Joram, drog ned til Jisreel og ville sjå til Joram, Ahabs son, medan han låg sjuk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk