4. Mosebok 32

32
Rubens-borni og Gads-borni bed Moses um å få landet austanfor Jordan til odel og eiga, 1-5. Moses talar fyrst strengt til dei, 6-15; men dei lovar at dei skal hjelpa brørne sine med å taka Kana'ans-landet, og då gjev han desse tvo ættene og halve Manasse-ætti det landet dei hev bede um, 16-33. Dei byggjer mange byar der, 34-42.
1Rubens-borni og Gads-borni hadde mykje bufe - uhorveleg mykje. Då dei no såg dei gode beitemarkene i landet kring Jaser og i Gileadlandet, 2kom dei og sa til Moses og Eleasar, presten, og hovdingane i lyden: 3Atarot og Dibon og Jaser og Nimra og Hesbon og El'ale og Sebam og Nebo og Beon,#4 Mos 21,32 4dei bygdene som Herren hev late Israels-lyden vinna med sverdet, det er gode febygder, og tenarane dine hev mykje fe. 5Vil du gjera vel mot oss, sa dei, so lat tenarane dine få det landet til odel og eiga, og lat oss sleppa å fara yver Jordan! 6Då sa Moses til Gads-borni og Rubens-borni: Skal brørne dykkar ganga i striden og de setja dykk til her? 7Vil de då gjera Israels-borni uhuga til å fara yver åt det landet som Herren hev gjeve dei? 8Det var det federne dykkar gjorde då eg sende dei ut frå Kades-Barnea til å skoda landet; 9Dei for upp til Eskoldalen og såg på landet, og so skræmde dei Israels-borni, so dei miste hugen til å ganga inn i det landet som Herren hadde gjeve dei.#4 Mos 13,3-20; 5 Mos 9,23 10Den dagen vart Herren brennande harm og han svor: 11Ingen av dei mennene som for upp frå Egyptarland og er yver tjuge år gamle, skal få sjå det landet eg hev lova Abraham og Isak og Jakob; for dei hev ikkje fylgt meg som dei skulde -#4 Mos 14,28-38; 26,65; Jos 14,6 12ingen utan Kaleb Jefunneson av Kenas-ætti og Josva Nunsson; dei hev vore trugne til å fylgja Herren. 13Herren vart harm på Israel og let dei flakka ikring i øydemarki i fyrti år, til det var ende på heile den ætti som hadde gjort det som vondt var i Herrens augo. 14Og no stig de i fari etter fedrene dykkar, eit elde av syndige menner, og aukar endå meir Herrens harme imot Israel. 15For vender de dykk burt og ikkje vil fylgja han, so kjem han til å halda Israel endå lenger i øydemarki, og de fører ulukka yver heile dette folket. 16Då gjekk dei fram for Moses og sa: Me vil gjera kvier for feet vårt her og byggja byar for kvinnone og borni våre; 17men sjølve vil me vepna oss snøggast me vinn, og fara fyre dei hine Israels-borni, til me hev ført dei dit dei skal; men kvinnone og borni våre skal sitja att i borgene, so dei kann vera trygge for folket her i landet.#Jos 4,12-13 18Me skal ikkje venda heim att fyrr Israels-borni hev fenge kvar sin eigedom; 19for me vil ikkje taka land saman med dei andre på hi sida Jordan og lenger undan når me hev fenge vårt land på denne sida, austanfor Jordan. 20Då sa Moses til dei: Ja, gjer de det, væpnar de dykk til striden for Herrens åsyn,#Jos 1,13-18 21og alle stridsmennene dykkar fer yver Jordan for Herrens åsyn, til han hev drive fiendane sine or syne, 22og vender de ikkje heim att fyrr landet er vunne for Herrens åsyn, so skal de vera utan skuld både for Herren og får Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom for Herrens åsyn. 23Men gjer de det ikkje, då syndar de mot Herren og skal få kjenna at syndi finn dykk att. 24Bygg dykk no byar for kvinnone og borni dykkar, og stell til kvier for småfeet, og gjer som de hev lova!#4 Mos 32,16-17 25Då sa Gads-borni og Rubens-borni til Moses: Tenarane dine skal gjera som du hev sagt, herre; 26borni og konone våre og feet og alle kløvdyri skal vera her i Gileadsbyane; 27men me, tenarane dine, vil ganga yver Jordan for Herrens åsyn til strid, kvar våpnfør mann, soleis som du, herre, segjer. 28So tala Moses um dei til Eleasar, presten, og Josva Nunsson og hovdingane yver alle Israels-ættene 29og sa: Gjeng Gads-borni og Rubens-borni, so mange som er våpnføre, med dykk yver Jordan til strid for Herrens åsyn, og landet vert teke, so skal de gjeva dei Gileadlandet til eigedom. 30Men gjeng dei ikkje stridsbudde med dykk yver, so skal dei få eigedomen sin i Kana'anslandet, saman med dykk andre. 31Og Gads-borni og Rubens-borni svara: Det som Herren hev sagt til tenarane dine, det vil me gjera; 32me vil fara stridsbudde yver til Kana'anslandet for Herrens åsyn, men odelseiga vår skal vera her på denne sida av Jordan. 33Då gav Moses Gads-borni og Rubens-borni og halve Manasse-ætti dei riki som Sihon, amoritarkongen, og Og, kongen i Basan, hadde ått, heile landet med alle byane rundt ikring og markene som høyrde til.#5 Mos 3,12-20; Jos 13,7-8 34Og Gads-borni bygde upp att Dibon og Atarot og Aroer 35og Atrot-Sofan og Jaser og Jogbeha 36og Bet-Nimra og Bet-Haran - faste byar og fekvier. 37Og Rubens-borni bygde upp att Hesbon og El'ale og Kirjata'im 38og Nebo og Ba'al-Meon - som dei brigda namnet på - og Sibma; og dei gav dei byane som dei bygde upp att namni deira. 39Borni åt Makir, Manasses son, for til Gileadlandet og tok det og dreiv ut amoritane som budde der.#1 Mos 50,23 40Og Moses gav Makir, Manasses son, Gilead, og han sette seg ned der.#4 Mos 32,39#32,40 Makir d. v. s. etterkomarane hans. 41Ja'ir, son åt Manasse, for av stad og tok tjeldbyane deira og kalla dei Ja'irsbyane.#Dom 10,4; 1 Krøn 2,21-22#32,41 deira Nokre småbyar eller grender med tjeldbuer i staden for hus, som amoritane åtte. 42Og Nobah for av og tok Kenat og småbyane der ikring og gav borgi sitt eige namn, Nobah.

ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖

4. Mosebok 32: Bibel1938

គំនូស​ចំណាំ

ចែក​រំលែក

ចម្លង

None

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល