4. Mosebok 3
3
Ætti åt Aron, 1-4. Levitane vert gjevne til Aron og dei skal tena i tabernaklet, 5-10; dei skal høyra Herren til i staden for dei frumborne, 11-13. Moses mynstrar og tel dei etter Herrens fyresegn, 14-16. Ættegreinene deira vert upprekna, og det vert sagt kva arbeid kvar ættegrein skal hava i tabernaklet, og kor mange som er mynstra i kvar, 17-39. Alle frumborne karfolk i Israel vert mynstra, og dei som er yver talet på levitane, vert utløyste, 40-51.
1No skal me nemna ætti åt Aron og Moses som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinaifjellet: 2Sønene hans Aron heitte Nadab - han var den eldste - og Abihu og Eleasar og Itamar.#2 Mos 6,23 3Det var namni på Arons-sønene, dei som var salva til prestar og vigde til å gjera prestetenesta.#2 Mos 28,41; 3 Mos 8,6-9 4Men Nadab og Abihu døydde for Herrens åsyn, då dei bar framand eld fram for Herren i Sinaiøydemarki, og dei hadde ingi søner. Sidan stod Eleasar og Itamar fyre prestetenesta, under Arons, far sin's, augo.#3 Mos 10,1-2 5Og Herren tala til Moses og sa: 6Lat Levi-ætti koma og ganga fram for Aron, presten; dei skal vera han til hjelp. 7Dei skal syta for det som han og heile lyden skulde syta for når dei stend framfor møtetjeldet, og greida alt arbeidet i tabernaklet.#4 Mos 1,53; 16,9 8Og dei skal taka vare på alt det som høyrer til møtetjeldet, og gjera alt som skal gjerast for Israels-borni; for det er dei som skal greida alt arbeidet i tabernaklet. 9Du skal gjeva levitane til Aron og sønene hans; av Israels-borni skal dei vera ei gåva til han.#4 Mos 8,16; 18,6 10Og Aron og sønene hans skal du setja til å tala vare på prestetenesta si; kjem ein framand innåt, so skal han lata livet.#4 Mos 1,51 11Og Herren tala til Moses og sa: 12Sjå, no hev eg sjølv teke ut levitane or Israels-lyden i staden for alle dei frumborne, dei som kjem fyrst frå morsliv hjå Israels-borni, so levitane skal vera mine. 13For mine er alle dei frumborne; den dagen eg slo i hel alt som var frumbore i Egyptarlandet, helga eg åt meg alt som er frumbore hjå Israel, både folk og fe; det skal høyra meg til, meg, Herren.#2 Mos 13,2; 22,29; 34,19 14Og Herren tala til Moses i Sinaiøydemarki og sa: 15Du skal mynstra Levi-borni etter ætter og ættegreiner, og alle karfolk som er yver ein månad gamle, skal du skriva inn i manntalet. 16So mynstra Moses dei etter Herrens ord, so han var fyresagd. 17Sønene hans Levi heitte Gerson og Kahat og Merari.#2 Mos 6,16-30; 4 Mos 26,57-62 18Og sønene hans Gerson med ættgreinene deira heitte Libni og Sime'i. 19Og sønene hans Kahat med ættgreinene deira, det var Amram og Jishar og Hebron og Ussiel. 20Og sønene hans Merari med ættgreinene deira, det var Mahli og Musi. Dette var Levi-ættene med greinene deira. 21Til Gerson høyrde Libni-ætti og Some'i-ætti; det var Gersons-ættene. 22Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det sju tusund og fem hundrad mann. 23Gersons-ættene hadde lægret attanfor tabernaklet, i vest. 24Og hovdingen yver Gersons-greini var Eljasaf, son åt Lael. 25Det som Gersons-borni skulde hava umsut med i møtetjeldet, det var sjølve tjeldet: åklædeteppi og raggeteppi og tekket yver dei og teppet til møtetjelddøri,#2 Mos 35,11; 4 Mos 4,25 26og umhengi til fyregarden og teppet til porten til fyregarden som var ikring tabernaklet og altaret, og togi som høyrde til, og alt som skulde gjerast med det. 27Til Kahat høyrde Amrams-ætti og Jishars-ætti og Hebrons-ætti og Ussiels-ætti; det var Kahats-ættene. 28Då dei var innskrivne i manntalet - alle karfolk yver ein månad gamle - so var dei åtte tusund og seks hundrad mann, som skulde taka vare på dei heilage tingi. 29Kahats-ættene hadde lægret sitt på sudsida av tabernaklet. 30Hovdingen yver Kahats-ætti og greinene hennar var Elisafan, son åt Ussiel.#2 Mos 6,22; 3 Mos 10,4 31Og det dei skulde hava umsut med, var lovtavlekista og bordet og ljosestaken og altari og dei heilage gognene som dei hadde til gudstenesta, og forhenget og alt som skulde gjerast med dette.#4 Mos 4,4-20#3,31 forhenget millom det heilage og det høgheilage romet. 32Den høgste hovdingen i Levi-ætti var Eleasar, son åt Aron, presten. Han hadde tilsynet med dei som gjorde alt som skulde gjerast i heilagdomen.#4 Mos 4,16 33Til Merari høyrde Mahli-ætti og Musi-ætti; det var Merari-ættene. 34Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det seks tusund og tvo hundrad mann. 35Hovdingen yver Merari-ætti og greinene hennar var Suriel, son åt Abiha'il. Dei hadde lægret sitt på nordsida av tabernaklet. 36Det som Merari-sønene var sette til, det var å hava umsut med plankane i tabernaklet og tverrstengene og stolpane og stabbane og alt som høyrde til, og alt som skulde gjerast med det, 37og stolpane til fyregarden rundt ikring, med stabbane og pålane og togi som høyrde til. 38Framanfor tabernaklet, mot aust, midt framfor møtetjeldet, på solsida, der hadde Moses og Aron og sønene hans lægret sitt. Dei var det som bar umsut for alt som skulde gjerast i heilagdomen, alt som skulde gjerast for Israels-borni; kom ein framand innåt, so laut han lata livet. 39Dei som vart mynstra i Levi-ætti, dei som Moses og Aron mynstra, ætt for ætt, etter Herrens ord - alle karfolk yver ein månad gamle - var i alt tvo og tjuge tusund mann. 40Og Herren sa til Moses: Du skal mynstra alle frumborne karfolk av Israels-lyden som er yver ein månaden gamle og skriva dei inn i manntalet, 41og lat so meg, Herren, få levitane i staden for dei, og feet åt levitane i staden for alt det frumborne feet hjå Israels-borni. 42So mynstra Moses alle dei frumborne Israels-borni, som Herren hadde sagt han fyre. 43Og då han hadde skrive upp namni på alle frumborne karfolk som var yver ein månad gamle, og rekna dei i hop, so var talet tvo og tjuge tusund og tvo hundrad og tri og sytti. 44Då sa Herren til Moses: 45Tak levitane i staden for alle dei frumborne Israels-borni og feet åt levitane i staden for feet deira; og levitane skal høyra meg til, meg, Herren. 46Og i utløysnad for dei tvo hundrad og tri og sytti som det er fleire frumborne israelitar enn levitar, 47skal du taka fem sekel for kvar; dei skal du taka i heilag mynt, etter tjuge gera i sekelen, 48og pengane skal du gjeva til Aron og sønene hans i utløysnad for dei frumborne som er yver talet. 49So fekk Moses løysepengane for dei som var att av dei frumborne Israels-borni då dei hine var utløyste med levitane; 50av desse same frumborne Israels-borni fekk han pengane - det var eit tusund og tri hundrad og fem og seksti sekel i heilag mynt - 51og han gav dei til Aron og sønene hans etter Herrens ord; for so hadde Herren sagt han fyre.
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 3: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2